Oktoberroser

To veker med lågthengjande oktobersol har utretta mirakel i rosehagen. Her får du ein oppdatert statusrapport.

Claire Renaissance.
Inst i natthagen lyser Claire Renaissance opp.

Etter ein kald og regntung sommar har strilane blitt velsigna med eit uvanleg vakkert oktoberver.  Kan ikkje huska å ha opplevd noko tilsvarande sidan 1981.

Dag etter dag har ei lågthengjande oktobersol spreidd sine gåvmilde stråler. Kjølege netter, men så langt utan frost, kombinert med fråvær av regn, har bidrege til å utretta mirakel i rosehagen på Straume denne oktobermånaden.

20161015_alnwick-rose
Austinrosa Alnwick Rose var ny i fjor, og har teke eit frirår for å venna seg til sin nye heimstad. Ho står i skuggen, men her har ho enno doggkåpa på.

På overtid
Å humpa rundt på krykkjer med broten ankel er ikkje akkurat noko oppfordring til utforsking av ein naturhage, men i dag berre måtte eg gjennomføra ein inspeksjon over kva naturen og vergudane har stelt i stand på overtid dette året.

Overraskande mange av rosene har enno mykje å gå på: Home & Garden har blomstra gjennom heile sommaren, og varslar at han ikkje har tenkt å ta haust på lenge enno.

Har venta på sola
Super Fairy blømer omsider – for første gong denne merkjelege sommaren. Det same er tilfelle med Astri Lindgren. Den svenske dama står full av bleike knoppar.

Fellowship later og til å ha venta på sola før han omsider slepp knoppane laus.

Leonardo da Vinci er ein av dei få rosene som har blomstra på trass heile sommaren gjennom. Det har han tenkt å halda fram med enno nokre veker.
Leonardo da Vinci er ein av dei få rosene som har blomstra på trass heile sommaren gjennom. Det har han tenkt å halda fram med enno nokre veker.
20161015_ingrid-bergman-knoppar
Ingrid Bergman er ei av mine favorittroser. No står ho full av knoppar. Dama remonterer for andre gong dette året!
Bjørnebæra varslar ein sein haust. Dei vert liksom aldri modne...
Må ein snartur innom nyttevekstane også. Bjørnebæra varslar ein sein haust. Dei vert liksom aldri modne…

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s