Flyktningesmell for Fjell

Fjell manna opp for å busetja 15 einslege mindreårige flyktningar i år. Så langt har det berre kome ni.

Hardhende tiltak langs EU sine yttergrenser for å stoppa straumen av flyktningar, har ført til at det no kjem langt asylsøkjarar til Norge enn Utlendingsdirektoratet hadde føresett.

Nedjusterte prognoser
Særleg har dette ført til at færre einslege mindreårige har kome hit til landet.

Prognosane for kor mange einslege mindreårige flyktningar som må busetjast i kommunane er i løpet av få månadar nedjustert frå 4.400 til 1.100 ungar under 18 år, ifølgje økonomirapporten for Fjell for andre tertial.

Fjell rusta opp
Fjell rusta opp eit mottak med plass til 15 ungar. Mottaket stod ferdig tidleg i vår, med full bemanning i samsvar med barnevernet sine krav.

Dei første fire ungane kom alt i vinter. Seinare har det drege ut med busetjinga.

Utgiftsrefusjon
Dei statlege reglane for refusjon av utgifter, tilseier at kommunen berre får dekka kostnadene frå og med den månaden ein av dei einslege mindreårige flyktningane er busett i Fjell.

Så langt har opprustinga av mottaket ført til ei økonomisk meirkostnad på oppunder 6,7 millionar kroner, hovudsakeleg relatert til løn, ifølgje økonomirapporten.

Realitetsprøving
Rådmann Steinar Nesse såg i fjor for seg at flyktningar og asylsøkjarar skulle berga økonomien i Fjell.

-Få kan meir om økonomi enn oss her i Fjell, hevda Nesse då kommunestyret i Fjell hadde temamøte om integrering av flyktningar.

Les: Unødvendig å by to gongar

Det var i januar. Så langt seier realitetane noko ganske anna.

Fjorårets overskot på 15 millionar som følgje av ekstraordinære tilskot i kjølvatnet av busetjing av flyktningar, er snudd til eit tap. Kor stort tapet vert, veit vi først når året er omme.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s