Offshore-gründer satsar stort på laks

Offshore-gründar Geir Nordahl-Pedersen har planane klare for to landbaserte oppdrettsanlegg for laks.

Slik tenkjer Geir Nordahl-Pedersen seg at det landbaserte oppdrettsanlegget i Solund skal sjå ut.
Slik tenkjer Geir Nordahl-Pedersen seg at det landbaserte oppdrettsanlegget i Solund skal sjå ut. (Illustrasjon Losna Seafood AS).

Satsinga skal skje gjennom dei to nyoppretta verksemdene Eat Seafood As og Losna Seafood AS.

Losna Seafood AS ønskjer å følgja laksen frå rogn til slakteferdig fisk. Produksjonen skal skje i merder på land. Planen er å laga eit anlegg med redusert fåre for fiskesjukdomar og lakselus, og utan rømming.

Annleis
Med på laget har Geir Nordahl-Pedersen fått ei rekkje ekspertar som har utvikla teknologien som skal gjera satsinga mogeleg. Noko av den nyutvikla teknologien er patentsøkt, fortel han.

– Vi skal gjera det litt annleis enn dei andre. Dette vert verdas største lakseoppdrettsanlegg på land, reklamerer offshoregründaren som likar å tenkja stort. Han stod mellom ann bak dei tidlegare børsnoterte selskapa AGR Group ASA og det konkursråka Ability Drilling ASA.

Oslo Børs?

Planlegg offshore-gründer Geir Nordahl-Pedersen sitt tredje forsøk på Oslo Børs?
Planlegg offshore-gründer Geir Nordahl-Pedersen sitt tredje forsøk på Oslo Børs?

På spørsmål om korvidt dette vart Nordahl-Pedersens tredje forsøk på Oslo Børs, svarar han ikkje direkte:

– Dette vert noko heilt nytt! Og det vert stort, lovar han entusiastisk.

Omregulering
Førebels er Nordahl-Pedersen heilt i startfasen når det gjeld oppdrett. To gardar han eig i Solund og på Averøy er søkt omregulert til oppdrettsverksemd. Deretter vert det konsesjonsøknad.

Dei to nystarta selskapa har begge fått ein startkapital på 100.000 kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s