Opposisjonen skal få vera med i plansmia om Ågotnes, men kva med innbyggjarane?

Fjell har hastverk med å planleggja Ågotnes som lokalsenter for Nordre Fjell – før kommunesamanslåinga. Då vert det ikkje tid til å involvera innbyggjarane, eller?

Ei fortetting av Ågotnes byr på utfordringar. Bygda har både bustadfelt, storindustri og offentleg verksemd.
Ei fortetting av Ågotnes byr på utfordringar. Korleis integrera bustadfelt, storindustri og offentleg verksemd på ein måte som freistar til å verta buande? Innbyggjarane bør få ein sterk stemme i planlegginga.

Kommunedelplan for Ågotnes legg opp til etablering av eit tett senterområde med handel, offentleg verksemd og bustadar. Planen er likevel vag når det gjeld å fastslå detaljar som utnyttingsgrad og byggjehøgder.

Les: Då byd´n kom til Ågotnes

Plansmie
Som verktøy for det vidare planleggingsarbeidet har plansjefen valt å gjennomføra ei plansmie. Ein metode for å samla alle relevante aktørar. Tanken er å laga ein plan som har brei oppslutning i lokalsamfunnet. Eit oppdrag som er tildelt Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

– Det er avgjerande at plansmia er breidt samansett av offentlege og private aktørar, står det i saksinnstillinga.

– Utvalet skal samla sett representera dei som har medansvar og sentrale roller i det framtidige arbeidet på Ågotnes.

Av ein eller annan uforklarleg grunn er talet på deltakarar i planarbeidet avgrensa til 18.

Politikarane bestemmer
Politikarane har meldt frå at dei ønskjer å ha ei aktiv rolle. Ordførar eller varaordførar, saman med leiarane for komite for plan og utvikling (Henning Ekerhovd, A) og komite for drift og forvaltning (Ernst Morten Einarsen, H) skal leia arbeidet.

I tillegg skal kvar av komiteane få oppnemna ein representant, fortrinnsvis frå opposisjonen, ifølgje ei likelydande sak til KPU og KDF i morgon.

Medverknad?
Plan og bygningslova §5 set krav til medverknad i offentleg planarbeid. I praksis er det gjerne slit at store utbyggjarar meir enn gjerne får lov til å styra planarbeidet – innbyggjarane må fint finna seg i at deira forsøk på medverknad vert møtt med hovudrystande latter av utbyggingskåte politikarar.

Erfaringane her frå Straume viser at det sjeldan vert gode planar når innbyggjarane får planane trekt ned over øyrene.

Så kva med å invitera innbyggjarar frå Ågotnes til å delta? Helst bør dei alle saman inviterast inn i arbeidet, ikkje berre ein handfull ”bodberarar” frå dominante interessegrupper.

Look to Kleppestø
Etter mykje om og men gjennomførte Askøy kommune i fjor haust ei plansmie for Kleppestø sentrum. Her vart det arrangert langt fleire møter og invitert til ei mykje breiare deltaking hos folk flest enn den som no vert planlagt på Ågotnes.

Mykje takka vera eit sterkt innbyggjarengasjement, utkrystalliserte arbeidet tre ulike scenarier for det framtidige kommunesenteret – landsby, småby eller by, kor mellomalternativet er det ein har valt å jobba vidare med.

Les: Kleppestø – landsby, småby eller by?

Ein diskusjon å starta med, også for Ågotnes?

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s