Færre arbeidsplassar på norsk sokkel

Ubemanna brønnhodeplattformar vil verta meir vanleg på norsk sokkel, ettersom mindre feltutbyggingar breier om seg.

Oljearbeidar i solnedgang. Det vert lengre mellom arbeidsplassane ettersom fleire nye felt vert bygde ut med ubemanna brønnhodeplattformar. Foto: Harald Pettersen / Statoil
Oljearbeidar i solnedgang. Det vert lengre mellom arbeidsplassane offshore ettersom fleire nye felt vert bygde ut med ubemanna brønnhodeplattformar. Foto: Harald Pettersen / Statoil

Store bemanna plattformar, gjerne i kombinasjon med subsea-felt, har til no vore næraste einerådande på norsk sokkel, og har gjeve mange arbeidsplassar. Slik er det ikkje over grensa til britisk sokkel, eller i Mexico-gulfen. Begge stadar er kvar fjerde installasjon ubemanna.

Oljedirektoratet
Nye arbeidsplassar vil det verta stadig færre av i tilknyting til nye feltutbyggingar på norsk sokkel.

Ved framtidige utbyggingar vil i staden ubemanna brønnhodeplattformar verta vurdert i langt større grad enn hittil. Det framkjem av ein studie Oljedirektoratet har fått utarbeida.

Ned til 180 meter
Feltstorleik, avstand til eksisterande infrastruktur og vassdjup er faktorar som er med på å påverka valet av utbyggingskonsept. Ved feltutbyggingar med inntil 12 brønnar, og på vassdjup ned til 180 meter, kan ubemanna brønnhodeplattformar (UWHP) konkurrera med subsea-utbyggingar både når det vert spørsmål om kostnads- og produksjonseffektivititet, og funksjonalitet og robusthet, konkluderer studien som er utført av Rambøll.

Vestflanken 2
UWHP-konsept er til vurdering i fleire lisensar på den norske kontinentalsokkelen.

Vestflanken 2, som ligg i tilknyting til Oseberg feltsenter, vart i sommar vedteke bygd ut på denne måten. Olja herifrå skal førast i land til Sture i Øygarden via eksisterande infrastruktur.

Les: Nytt felt i land til Sture

Høg oppetid
Erfaring mellom anna frå Danmark, der slike plattformar har vore i bruk sidan 1980-talet, viser at dei kan ha ei oppetid på 95 – 99,5 prosent, og at svært få timar har gått med til personell operasjon og vedlikehald.

Velprøvd utstyr
For at reknestykket skal gå opp, må ei heil rekkje konstruksjonsmessige vilkår vera oppfylt, ifølgje rapporten.

NORSOK
Som ein del av studien vurderte konsulentselskapet regulatoriske hindre for å ta i bruk UWHP på norsk sokkel. Her var konklusjonen at det regulatoriske rammeverket støttar opp under plattformtypen, men at NORSOK-standarden har få referansar til sjølve utføringa.

Du kan lesa meir på Oljedirektoratet sine heimesider

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s