«Gløymte» å ta leikeplass med i plankartet

Både utbyggjar og Askøy kommune meinte omsynet til barn og unge sine interesser var godt ivareteke i reguleringsplanen for Sjøstrand på Florvågøen. Det var berre ei hake ved det…

Utbyggjar vil riva den ridlegare sildoljefabrikken og byggja bustadar. Fråvær av leikeområde i plankartet gjorde at fylkesmannen oppheva Askøy kommune si godkjenning.
Utbyggjar vil riva den tidlegare sildoljefabrikken og byggja bustadar. Fråvær av leikeområde i plankartet gjorde at fylkesmannen oppheva Askøy kommune si godkjenning. Foto: 1881.no/Blom.

Reguleringsplanen for den 62 mål store tomta til den tidlegare sildoljefabrikken legg opp til bygging av meir enn 150 leiligheter, meint for innbyggjarar i alle aldersgrupper.

Lovlegheitskontroll
Planen vart etter mykje strid vedteken i kommunestyret like før jul i fjor. Vedtaket vart påklaga til fylkesmannen i Hordaland, og åtte av kommunestyremedlemmane kravde lovlegheitskontroll.

Oppheva av fylkesmannen
No har fylkesmannen oppheva kommunestyret si godkjenning av reguleringsplanen.

Omsynet til barn og unge sine interesser er ikkje tilstrekkjeleg sikra i planen, meinar fylkesmannen.

Fylkesmannen grunngjev vedtaket med heimel i Plan og bygningslova §6-2 og den tilhøyrande forskrifta med rikspolitiske retningsliner for barn og planlegging.

Bryt med KPA
I kommuneplanen sin arealdel krev Askøy kommune at leikeareala i ein reguleringsplan med meir enn 150 bueiningar skal utgjera 5.000 kvadratmeter.

I reguleringsføresegnene for Sjøstrand vert det lova at det skal opparbeidast ein leikeplass på 250 kvadratmeter.

Manglande synleggjering
Noko leikeområde er likevel ikkje teikna inn i det juridisk bindande plankartet som viser arealdisponeringa reguleringsplanen, påpeikar fylkesmannen.

-Manglande synleggjering i plankaret av arealbehovet til leik kan medføra at andre interesser lettare går foran når det kjem til plassering, storleik og utforming av leikeplassen i byggesakshandsaminga, grunngjev fylkesmannen opphevinga av Askøy kommune sitt vedtak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s