Statsministeren på OTD: Norsk energipolitikk i spagat

Statsminister Erna Solberg måtte gjera greie for ein norsk energipolitikk i full spagat då ho i dag opna Offshore Technology Days 2016.

Statsminister Erna Solberg hadde ingen quick fix til norsk offshore-bransje under opninga av OTD 2016.
Statsminister Erna Solberg hadde ingen quick fix å tilby ein kriseramma vestnorsk offshore-bransje under opninga av OTD 2016 på Straume i dag.

Å få statsministeren til å opna offshoremessa på Straume var ein bragd av arrangørane og eit viktig signal til ein bransje i full omstilling.

At norsk økonomi er så oljesmurt, er eit dilemma, medgav statsministeren. Vi treng ny teknologi for å oppretthalda etablerte velferdsgodar. Her har norske verksemder med høgt utdanna fagfolk mykje å bidra med.

Les: Færre arbeidsplassar på norsk sokkel

Samstundes bidreg klimautfordringane til å skapa usikkerhet om dei langsiktige politiske linjene. Sjølv om LO har opna for ein diskusjon om opning av nye felt i nordområda, opplever ikkje statsministeren at det er nokon bevegelse i norsk politikk på dette området.

Grønt alternativ
Eit grønt alternativ tvingar seg fram. Elbilane er komne for å bli, sjølv om dei etterkvart må rekna med å få høgare avgifter. Mandatet til Enova vil verta endra til å handtera dei praktiske utfordringane med å få dei nye løysingane på plass. Norsk vasskraft er ein ressurs vi må ha ein aktiv eigarskapsforvaltning av.

Les: Får 20 millionar til hydrogenfyllestasjonar – Lieco klar med bilane

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s