To motsegn mot Kleppestø-planen

Statens vegvesen har varsla motsegn mot Kleppestø-planen. Det same har NVE.

Her vert det planlagt 680 bustadar i blokk. Kjøpesenteret skal utvidast med 42000 kvadratmeter.
Framlegget til områderegulering for Kleppestø er for lite detaljert til at det vert råd å realisera trafikkmessige tiltak som planen legg opp til, hevdar Statens vegvesen i ein motsegn mot planen.

Då høyringsfreisten gjekk ut, var det kome inn er rekkje merknadar til Askøy kommune sitt utkast til områderegulering for Kleppestø sentrum.

Les: Folk vil køyra heilt til nattbordet

Generell motsegn
– Kleppestø-planen ivaretek ikkje trafikktryggleik og effektiv ferdsle, skriv Statens vegvesen og varslar at dei fremjar ei generell motsegn mot planen.

Statens vegvesen har vurdert plankartet for sentrumsområdet, og har konkludert med at planane for infrastrukturen, Fv. 563 og 216, er for lite detaljert til at det er mogeleg å realisera tiltak i henhald til planen.

Uråd å detaljregulera
I føresegnene vert det lagt opp til at planen skal følgjast opp med detaljregulering for nokre av områda i planen. Det gjeld ikkje vegsystemet. Noko Statens vegvesen finn merkeleg, sett i lys av dei store utfordringane nettopp når det gjeld infrastruktur, skriv Statens vegvesen og viser til ambisjonane om å laga ein bystruktur med gate og kvartalinndeling.

Kollektivterminal for båt og buss, og parkeringsanlegg i Løfjellet, skal det også verta plass til. Dagens personbiltrafikk gjennom sentrum skal derimot førast i tunnel utanom sjølve sentrumsområdet.

Les: Nærleiken til sjø skal prega morgondagens Kleppestø

Skal det vera mogeleg å realisera dei tiltaka som planen legg opp til, vil ein dessutan ha behov for meir trafikkareal enn det som er avsett i planen, melder Statens vegvesen.

Steinsprang
NVE har også varsla motsegn mot planen. Dei viser til at det er markert to omsynssoner med potensiell fare for steinsprang i planen. Om desse sonene vert betre utgreidde, og konklusjonane innarbeid i plankart og føresegner, fell grunnlaget for motsegna vekk, melder NVE.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s