Får pepar for lærlingekrav

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) bør gjera ei grundigare utreiing av forslaget til lærlingeforskrift i tilknyting til offentlege innkjøp.

torbjorn-roe-isaksen-foto-marte-garmann
Kunnskapsdepartmentet sitt forslag til lærlingeforskrift i tilknyting til offentlege innkjøp er for dårleg utgreidd, ifølgje Regjeringa sitt eige Regleråd. Foto: Marte Garmann

Då høyringsfreisten til lærlingeforskrift gjekk ut 16. oktober var det kome inn 20 merknadar, 13 av dei frå kommunar og fylkeskommunar, melder Anbod365.no.

Les: Rasar mot nye innkjøpsreglar

Ifølgje forslaget skal verksemder som får offentlege kontraktar på ein verdi tilsvarande 1,75 millionar kroner eller meir, bruka lærlingar i oppdraget.

Regelrådet kritisk
Regjeringa sitt eige Regelråd er mellom dei som er kritisk til forslaget til lærlingsforskrift.

Forslaget kan ha utilsikta konsekvensar for små verksemder, ved at dei ikkje oppfyller krava til lærlingar. Noko som kan påverka konkurransesituasjonen, skriv Regelrådet.

Rådet ber Kunnskapsdepartementet gjera ei grundigare utgreiing før dei sender forslaget på ny høyring.

Samfunnsansvar
Austrheim kommune hevdar at forskriften gjer at dei ikkje kan nytta små lokale entrepenørar med 1 – 2 tilsette og som ikkje har lærlingar.

Kommunen har også eit samfunnsansvar for at lokale verksemder skal klara seg økonomisk, meinar leiinga i Nordhordlandskommunen. Dei foreslår difor at terskelverdien på rammeavtalane vert auka, slik at også små verksemder kan levera anbod både på tenestekontraktar og bygge- og anleggsarbeid.

Les: Stengjer gründarar ute frå offentlege innkjøp

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s