Heiste flagget for kulturlandskapet

Det mest velhaldne kulturlandskapet i Hordaland finn vi på Kjerrgarden i Askøy. Kjerrgarden Grunneigarlag og Arne Kjærgård får årets kulturlandskapspris.

Sauer hører sjølvsagt med i kullturlandskapet.
Sauer hører sjølvsagt med i kulturlandskapet. Foto: Kari Mostad.

-Kjerrgarden har eit heilskapleg kulturlandskap som er halde i hevd og godt synleg frå fylkesvegen. Snorrette, godt velhaldne steingardar set sitt preg på landskapet, skriv juryen i grunngjevinga.

Heilskapleg

Arne Kjærgård og Kjerrgarden Grunneigarlag har gjort ein kjempeinnsats for å bevara dei snorrette steingardane.
Arne Kjærgård og Kjerrgarden Grunneigarlag har gjort ein kjempeinnsats for å bevara dei snorrette steingardane. Foto: Kari Mostad.

Det er heilskapen juryen har falle for. På Kjerrgarden finn vi også andre kulturminneelement, som jordkjellar, bakkemurar, steinsett bekk, restaurert hestestall med villhelletak, gamle våningshus og uthus og opparbeidde stiar og vegar. Heile området er viktig for tildelinga.

Under press
Området ligg i kjerneområdet for jordbruk i Askøy. Gjennom arbeidet sitt tek Kjerrgarden Grunneigarlag og Arne Kjærgård vare på kulturlandskapet og jordbruket i eit område i Askøy der jordbruket er under stort press, rosar juryen.

50.000,-

Restaurert hestestall med villhelletak. Foto: Kari Mostad.
Restaurert hestestall med villhelletak. Foto: Kari Mostad.
Arne Kjærgård ( i blå jakke) viser fram den restaurerte potetkjellaren til fylkesordførar Anne Gine Hestetun og Kultur.... Foto: Kari Mostad.
Arne Kjærgård ( i blå jakke) viser fram den restaurerte potetkjellaren til fylkesordførar Anne Gine Hestetun og Kulturlandsskapsgruppa i Hordaland. Foto: Kari Mostad.

Arne Kjærgård sin innsats vert framheva spesielt, men då Grunneigarlaget sitt arbeid har vore vesentleg for det endelege resultatet, er det Grunneigarlaget som får prisen på 50.000 kroner.

Kulturlandsskapsgruppa i Hordaland
Bevaringa av kulturlandskapet i Hordland er så viktig at det er nedsett ei eiga kulturlandskapsgruppe som skal sjå til at også neste generasjon skal kunna oppleva restar av dette viktige kulturminnet.

Fylkesmannen i Hordaland, saman med Hordland fylkeskommune, kommunane i Hordaland, Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og småbrukarlag, samt Universitetet i Bergen og Norsk Landbruksrådgjeving Hordaland som står bak prisen som i år vart delt ut for 21. gong.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.