Gav mest i Øygarden

Øygarden var den av kommunane vestom Bergen som gav mest til Røde Kors og årets TV-aksjon.

Mat, vatn og medisinar til dei 13 millionar naudlidne i borgarkrigsherja Syria står øverst på lista over mottakarar av midlane frå TV-aksjonen 2016.
Mat, vatn og medisinar til dei 13 millionar naudlidne i borgarkrigsherja Syria står øverst på lista over bruken av midlane frå TV-aksjonen 2016.

På landsbasis har det så langt kome inn 220,2 millionar kroner til Røde Kors og årets TV-aksjon. I snitt tilsvarar det 42,30 kroner per nordmann, ifølgje NRK sin kommuneoversikt.

Dårlege tider?
Sjølv om vi gav meir enn i fjor, kan det verka som om dei dårlege tidene har sett sitt preg også på gjevargleda i kommunane vestom Bergen.

Strilakommunane kom langt nede på lista over dei som gav mest – både i landssamanhang og i Hordaland.

Øygarden
Øygarden toppar oversikten med 48,51 kroner. Sund kom på andreplass, med 43,16 kroner. I Askøy gav dei 36,49 kroner. Heilt på botn kom Fjell, med 33,76 kroner, tilsvarande ein 33. plass i Hordaland og 405 plass i nasjonal samanhang.

Syria
Røde Kors er ein naudhjelpsorganisasjon som jobbar for å få hjelpa heilt fram til dei som treng det mest. Dette året er det mat, vatn og medisinar til dei meir enn 13 millionar innbyggjarane i borgarkrigsherja Syria som står øverst på lista.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s