Oppskrift på ein sjølvgåande gründer

Å vera arbeidslaus er lite kjekt. Når eg høyrer einskilde av dei klagar over at dagane vert lange, vert eg glad for at eg vaks opp før barnehagane tok grep om oppveksten til strila-ungane.

Å binda gad´n var like sjølvsagt for ein stril som å ha eigen færing. Her er det papen som bind trollgad´n, kring 1970.
Strilen laga sine eigne verktøy. Å binda gad´n var like sjølvsagt som å ha eigen færing. Her er det papen som bind trollgad´n, kring 1970.

Gå ut og leik, sa mor mi når ho hadde for mykje å gjera. Vi var seks om lag jamnaldrande ungar, på ein gard omgjeven av sjø, jorder og utmark.

Livets realitetar
Kjekkast var det når vi kunne følgja dei vaksne i hælane: Til sauene, i potetåkeren, i naustet og i færingen. Vi tok mot nyfødde lam før vi byrja på skulen, og haldt i beinet når slaktaren flådde. Lærte forskjell på trollgad´n og sildagad´n og kva type gad´n som skulle setjast kvar. Livets realitetatar. Vi visste godt kvar maten kom frå, og fekk årstidene sin variasjon inn med morsmjølka.

Alltid noko å finna på
Var det ingen vaksne i nærleiken, var det alltid noko å finna på, uansett. Vi leika tømmerhoggarar og bygde hytter – til forarging for skogeigaren. Klatra i tre og datt på sjød´n. Spann opp historiar om gruvedrift i steinalderen. Kappast om å bada først om våren – drygde du til etter 1. mai var du ei skikkeleg pyse! Fange krabbar i strandkanten som vi kokte i tomme hermetikkboksar. Plukka blåbær til vi ikkje orka middag, tigga rykande, nysteikte blodkaker hos dei som hadde slaktar.

Historie
Ein kvardag som for lengst er historie. Fortrengt av barnehagane sin planlagte oppvekst og foreldre-køyring til og frå organisert fotball, handball og musikkorps.

Den gongen handla det om å overleva. Om å sjå – og utføra – det som var naudsynt for å sikra mat på bordet. Eindel av dei unge strilane som veks opp i dag ville ha svolte i hel ved sida av potetåkeren, fryktar eg.

Oppskrifta
Vår generasjon lærte oss å vera i aktivitet – å vera kreative. Det er alltid noko å ta seg til! Ein lærdom som har følgd meg gjennom mange år i arbeidslivet – og som driv journalisten i meg til å spora opp stadig nye lesverdige saker til glede og forarging for lesarane.

Slikt vert det gründarar av – sjølvmotiverte, fryktlause gründarar!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s