Fleirtal for ekspropiasjon – skjermar politisk komiteleiar

Ei ”rundkøyring” i tilknyting til Sartor Storsenter har vekt oppsikt langt utanfor kommunegrensa. Eit mindretal på 12 representantar i kommunestyret stemte mot å ekspropiera grunn til rundkøyringa frå naboane.

Dei fleste køyrer rett over denne "rundkøyringa" i krysset mellom Arefjordvegen, Grønamyrsvegen og nedkøyringa til Kystbygarasjen.
Dei fleste køyrer rett over denne «rundkøyringa» i krysset mellom Arefjordvegen, Grønamyrsvegen og nedkøyringa til Kystbygarasjen.

(Saka er oppdatert 27.10.2016)

Braut hevdvunne prinsipp
Innbyggjarane på Straume har lenge kjempa på vikande front mot byutviklarane. Fleirtalet i kommunestyret braut eit hevdvunne prinsipp då dei i dag vedtok å eksporiera grunn til rundkøyringa frå naboane i Lillebø-familien.

Ikkje samanfallande areal
Mindretalet, leia av Johannes Kobbeltvedt (Sp) og Svein Bergh (SL), hevdar arealet som vert føreslege ekspropiert ikkje er samanfallande med den vedtekne reguleringsplanen for rundkøyringa.

Etter ein behørig debatt i kommunestyret var det likevel eit mindretal på berre 12 representantar frå FrP, V, Sp, MDG og Sotra Lista som stemte mot ekspropiasjon.

Skjermar Sartorsjefen
”Rundkøyringa” i tilknyting til Sartor Storsenter har vekt oppsikt langt utanfor kommunegrensa. No ønskjer Fjell kommune å stilna latteren ved å ekspropiera grunn frå naboane. Forslaget inneber at eigedomane til familien til Sartorsjef og leiar for komite for drift og forvaltning Ernst Morten Einarsen (H) vert skjerma for inngrep.

Tilkomst til Kystbygarasjen
Denne veka skal kommunestyret i Fjell ta stilling til korvidt kommunen skal ekspropiera grunn frå naboane til Sartor Storsenter for å realisera ei permanent rundkøyring i samsvar med vedtekne vegstandardar.

Den omstridde ”rundkøyringa” dukka opp nærast over natta for å gje tilkomst til parkeringsanlegget Kystbygarasjen frå Arefjordvegen.

Kystbygarasjen er ein del av Sartor Storsenter, og vert eigd av Sartor Holding AS og Olav Thon Eiendom ASA. Leiar Ernst Morten Einarsen i Komite for Drift og forvaltning i Fjell kommune er også dagleg leiar i Sartor Holding. Saman med den næraste familien eig han halvparten av verksemda med ein bokført verdi på 711 millionar kroner.

Usemje om plassering
Når det har drege ut med å få til ei permanent rundkøyring, skuldast det usemje mellom Sartor Holding og Fjell kommune på den eine sida og naboane Lillebø-familien om kvar rundkøyringa bør leggjast.

Sartor Holding eig tomteområdet på to sider av rundkøyringa. Eigedomane på dei to andre sidene vert eigd av Lillebø-familien.

Nei til minneleg ordning
Striden står om kring 100 kvadratmeter. Ifølgje sakspapira frå plansjef Berit Rystad i Fjell kommune skal Lillebø-familien ha takka nei til eit tilbod om ei minneleg ordning.

Skjermar Sartor Holding
Lillebø-familien har tidlegare avstått store areal i samband med byutviklinga på Straume, mellom anna til Kystbygarasjen. No nektar dei å gje frå seg meir.

Fjell kommune og Sartor Holding på si side insisterer på at rundkøyringa bør liggja slik at ho skjermar areala som vert eigd av Sartor Holding og leiar Ernst Morten Einarsen i komite for Drift.

Utanom vanleg saksgang
Ekspropiasjonssaka kjem direkte opp for Kommunestyret, utan å ha følgt den vanlege saksgangen via Formannskapet og komiteane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s