Trygt å bu i Askøy

Samfunnstryggleik og beredskap vert godt ivareteke i Askøy. Kommunen bør likevel planleggja for å ta i bruk fleire kanalar for varsling av innbyggjarane i akutte situasjonar.

Offentleghetslova omfattar også SMS-ar, dersom innhaldet har tilknyting til ei sak, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.
Varsling av innbyggjarane per telefon og SMS i krisesituasjonar er ikkje tilstrekkjeleg. Det kan tenkjast tilfelle der telefonsambandet ikkje fungerer, åtvarar fylkesmannen i Hordland etter tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Askøy.

Kommunane har lovpålagt ansvar for beredskapsplikt, sivile vernetiltak og sivilforsvaret. Det er fylkesmannen si oppgåve å føra tilsyn med at arbeidet med samfunnstyggleik og beredskap i kommunane oppfyller krava.

Ingen avvik
Ingen avvik vart funne då fylkesmannnen i Hordaland tidlegare i haust gjennomførte tilsyn med Askøy kommune, framkjem det av den dagsferske rapporten som oppsummerer besøket.

Fylkesmannen sitt hovudinntrykk er at Askøy kommune har gjort eit omfattande og grundig arbeid for å ta vare på samfunnstryggleik og beredskap på vegne av innbyggjarane.

Risikobilete
Kommunen sine representantar har eit samordna bilete av kva som er risikofaktorane i kommunen. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap verkar vera godt og vidt forankra i alle einingane, skriv fylkesmannen i Hordland.

Kommunen får ros også for å ha innarbeid samfunnstryggleik og beredskap i den kommunale planstrategien og integrert arbeidet i kvalitetssikringssystemet.

Varsling
Einaste merknaden frå fylkesmannen er at kommunen bør ta i bruk fleire kanalar enn telefon og SMS for å varsla innbyggjarane i ein krisesituasjon. Det kan tenkjast tilfelle der telefonnettet ikkje fungerar.

Du kan lesa meir om tilsyn i Askøy på fylkesmannen sine heimesider

Les: Manglar kriseplanar i Fjell

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s