Gjestekommentar: Tog er miljøvenleg og distriktsvenleg

Om eg skulle hatt ei heilag ku, kunne det gjerne vore tog.

Aud Karin Oen
Tog har lågaste klimautsleppa, og er effektiv arealbruk, skriv Aud Karin Oen i denne gjestekommentaren.

Av Aud Karin Oen, gruppeleiar i SV på fylkestinget.

For å frakta ein person ein kilometer brukar fly sju-åtte gongar så mykje energi som toget. Ein moderne bil brukar tre gongar så mykje (kjelde SSB). Superbuss i eignekollektivfelt er ikkje ein konkurranse til tog, men eit supplement.

Tog har lågast klimautslepp av alle reisemåtar, målt i Co2-eq: 12kg på tog, 18,3 kg på buss, 50kg på bil, og 65 kg på fly på ei strekning Oslo- Bergen. Tog gjev heller ikkje lokal forureining som NOX og svevestøv. Etter kvart som ein får utsleppsfrie bussar vil det sølvsagt endre seg.

Tog er ikkje minst effektiv arealbruk. Ei dobbeltspora jarnbane har sama kapasitet som ein ti-felts motorveg. Men er omlag berre ein tredel så brei.

Eit vanleg godstog fraktar like mykje som 34 lastebilar. Det gjev både mindre vegslitasje og støy.

Største delen av pengane til tog går til investeringar og ikkje til subsidier av drifta. Dette handlar om omstilling av reisemønster og å rusta landet for framtida. Ei samanlikning av tal kroner pr. passasjer har liten verdi. Bil og fly påfører samfunnet kostnad gjennom trafikk og klimagassutslepp, medan togreiser gjev meirverdi gjennom reduksjon av trafikk og utslepp. Det er det verd å betale for, det er ikkje gratis å redda klimaet.

Det er brukt mykje pengar i østlandsområdet på tog, men Osloregionen har 1,5 millionar innbyggjarar og det let seg ikkje gjera å frakte alle desse med buss eller bil. Det er om å gjera å få fleire nordmenn til å reise med tog og ikkje færre. Her vest må Bergensbana rustas for framtida og på sikt må og lyntog koma som alternativ til fly. Til no har det vore umogleg å få politiske parti og vegvesenet til å prioritera eigne kollektivfelt, til og med når nytt Sotrasamband skal byggjast er det utan eigne gjennomgåande kollektivfelt.

Sv helsar el-bussar, superbussar og eigne kollektivfelt velkomen, der er me einige. Men ikkje i staden for tog, men som supplement, og som erstatning for bil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s