Askøyværingen får pressestøtte – VestNytt tente for godt

Askøyværingen får tilbake produksjonstilskotet. VestNytt derimot mister tilskotet, men reknar likevel med å gå i pluss.

Askøyværingen har lukka nettavisa. Det skal verta spanande å sjå korleis lukkinga vil påverka opplagstal og driftsinntekter.
Tenar pengar på nett. Askøyværingen har fått over 400 digitale abonnentar etter dei lukka nettavisa i vår.

Det er Medietilsynet som fordeler det offentlege produksjonstilskotet – betre kjend som pressestøtte – til norske aviser og publikasjonar i henhald til søknad.

Lokalavisa på Askøy mista produksjonstilskotet i fjor, men er tilbake i varmen dette året. Årets støtte utgjer 481.000 kroner.

Les: Lesarane sviktar Askøyværingen

– Produksjonstilskotet er viktig. Dette betyr ein journaliststilling for oss, seier ein glad redaktør Tom-Stian Karlsen i Askøyværingen når Tunnelsyn ringjer og fortel at kva avisa får i støtte frå Regjeringa for 2016.

Ei journaliststilling
Askøyværingen har fire journalistar i tillegg til redaktøren. Papiravisa kjem ut ein gong i veka. I tillegg satsar dei tungt på nett.

I ein utfordrande annonsemarknad gleder redaktøren seg over å ha fått 400 betalande digitale abonnentar sidan dei lukka nettsidene i vår. Korvidt avisa vil gå med overskot dette året, tør han likevel ikkje lova.

Tapte støtta
VestNytt fekk 438.000 i produksjonstilskot i fjor, men mistar den offentlege støtta dette året.

Redaktør Marit Kalgraf i Vestnytt ønskjer ikkje å kommentera tapet av den offentlege støtta, viser berre vidare til dagleg leiar og ansvarleg redaktør Terje Olsen i Lokalavisene AS som eig både VestNytt og Askøyværingen.

– VestNytt har gått såpass bra over tid at dei mister pressestøtta, konstaterer Terje Olsen i Lokalavisene AS.

Ingen katastrofe
Slik Olsen framstiller det, betyr tapet av pressestøtta ingen katastrofe for VestNytt. I likhet med dei andre avisene som vert eigde av Lokalavisene AS, har VestNytt nett vore gjennom ein runde med kutt. Olsen reknar ikkje med at det vil verta fleire i nær framtid. Lokalavisa for Fjell, Sund og Øygarden kjem uansett til å gå med overskot dette året.

VestNytt fekk i fjor eit overskot før skatt på 3,2 millionar, eller eit driftsresultat på 14,3 prosent.

Les: Festar grepet om VestNytt og Askøyværingen

Støtte til 151 aviser
Totalt deler Medietilsynet ut 313,1 millionar i produksjonsstøtte til 151 aviser i 2016. Sju av avisene, inkludert den heildigitale DagensPerspektiv.no har ikkje fått tilskot tidlegare. Tre aviser mistar tilskotet på grunn av for høg lønsemd i fjor. VestNytt er altså ei av dei.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s