Dagens sleivspark: La vandalane få høyra det!

Entrepenørane som førebur traseen til Bybanen mellom Fløen og Haukeland klagar i regionavisa over verbal skitslenging frå dei som bur i området og som vil få heimane sine raserte av tiltaket.

20150403 restane av rekkehusetIkkje visste eg at entrepenørar var slike sarte sjeler. Tronande i førarsetet i ei gravmaskin, eller med ein dynamittgubbe eller ti i nærleiken, framstår dei då sanneleg som hardbarka karar.

Tøffe nok framstår dei jammen også når dei slår om seg med sine reguleringsplanar! Ikkje mykje vilje til å lytta der i gården, nei!

Lat vandalane som går laus på andre sine heimar med gravemaskin få høyra det! Kan hende det er berre ørlite ”mobbing” som skal til for at det skal demra også for politikarane våre at dei sjølve i årevis har terrorisert innbyggjarane på det aller grovaste med sine nådelause reguleringsplanar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s