Kommentar: Luftig gründersatsing

Gründerpark Vest kunne ha blitt eit bra tiltak. I staden strandar forslaget på vilkåret om å leiga lokale i Sartor Storsenter, noko som kan vera i strid med EØS-reglementet om ulovleg næringsstøtte.

Tommelen opp for gründarane i Fjell, Sund og Øygarden, fv. Arild Sæle, Per Aarsand og Johannes Wergeland i Vest Næringsråd.
Sotra treng eit nettverk med fagleg tilbod til gründarane. Ved å inngå leigeavtale med Sartor Storsenter bind Vest Næringsråd og gründergruppa ved fv. Arild Sæle, Per Aarsand og Johannes Wergeland, altfor stor del av ressursane til husleige. Leigeavtalen med Sartor Storsenter kan dessutan vera i strid med EØS-reglane.

Utviklinga på den lokale arbeidsmarknaden tilseier at mange Sotrastrilar har valt, eller blitt tvunge, til å starta for seg sjølv siste åra. Kommunestyret i Fjell skal i morgon ta stilling til forslaget om å etablera Gründerpark Vest.

Støtte til Sartor Storsenter
Ei lokalisering i Sartor Storsenter, som vert eig 50 prosent av familien til leiar Ernst Morten Einarsen i Komite for drift og forvaltning, vert framstilt som eit vilkår for den politiske velsigninga.

Det toårige forsøksprosjektet skal få ei årleg støtte frå Fjell kommune på ein million kroner, foreslår rådmann Steinar Nesse. Sund og Øygarden har også blitt oppfordra til å bidra økonomisk.

Vid målgruppe
Gründerparken skal henvenda seg til ei vid og lite konkret målgruppe. Gründarar, oppstartverksemder eller prosjekt med vekstpotensiale og/eller er innovative kan verta medlem, ifølgje saksutgreiinga.

Omfanget av øvrige tilbod, som rådgjeving og nettverk med faglege og sosiale arrangment, er lite konkret. Kor omfattande tilbodet vil verta framkjem ikkje. Korvidt ein må leiga lokale i Sartor Storsenter for å få tilgang til desse tilboda framstår og som uklårt.

Kva for marknadsundersøking?
Prosjektet kviler på ei angjeveleg marknadsundersøking hos deltakarane på oppstartmøtet i VNR si gründergruppe. Ei marknadsundersøking som berre fekk ti svar, då deltakarane visstnok var vanskeleg å nå.

Eg var sjølv tilstade og godt synleg på møtet, men har likevel ikkje blitt kontakta i samband med marknadsundersøkinga, verken per telefon eller epost.  Medlemsretta aktivitet later det heller ikkje til å vera, snart halvåret etter oppstart.

Les: Sotra treng gründarane

Sotra treng eit nettverk for gründarar, men den politiske saka smakar mest av alt av at Sartor Storsenter treng leigetakarar, og at direktøren for handlesenteret har dei politiske og administrative tilknytingane i orden.

I strid med EØS?
Dagens utleigemarknad tilseier at det er mange ledige kontorlokale i den aktuelle storleiken rundt om på øya.

Då Sartor Storsenter har fått tilslaget på leigekontrakt utan at Fjell kommune har gjennomført nokon anbodsrunde, kan leigeavtalen vera i strid med EØS sine konkurransereglar.

Avhengig av omfanget og kostnaden på andre tilbod, som rettleiing og faglege møte, kan avtalen også vera i strid med regelverket om ulovleg næringsstøtte.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s