Får kontrollera gründerparken

Ikkje berre får Sartor Storsenter leiga ut lokale til Gründerparken Vest. Verksemda får også to representantar i styringsgruppa.

Utsikten til å få tilkøyrt fleire hundre eldre på handeltur kvar veke laud som musikk i øra på Sartorsjef og komiteleiar Ernst M. Einarsen
Fleire dobbeltroller sikra Sartorsjef og komiteleiar Ernst M. Einarsen kontroll over Gründerpark Vest.

Eit samrøystes kommunestyre i Fjell vedtok i dag å godkjenna planane for etablering av Gründerparken Vest som eit toårig forsøksprosjekt. Kommunen løyver inntil ein million kroner årleg i støtte til prosjektet.

Les: Luftig gründersatsing

Politikarane i Fjell ser behovet for å skapa nye arbeidsplassar i regionen, og er positive til at dette er eit initiativ som kjem nedanfrå og opp, og ikkje motsett, slik varaordførar Tom Georg Indrevik (H) formulerte det.

Kvifor Sartor Storsenter?
Styringsgruppa skal ha tre representantar frå Gode Sirklar, Vest Næringsråd og Sartor Storsenter, forutan to frå gründarane sjølv.

Odd Bjarne Skogestad (KrF) undra seg over at Sartor Storsenter skulle vera med i styringsgruppa. Sartor Storsenter er ei verksemd, og ikkje ein bistandsorganisasjon, slik Gode Sirklar og Vest Næringsråd (VNR) er det. Det finst då mange andre spanande verksemder i regionen som også kunne ha vore aktuelle, meinte Skogestad.

Flest arbeidsplassar
– Sartor Storsenter er den verksemda i Fjell som for tida har flest arbeidsplassar, sjølv om det også finst mange andre aktuelle kandidatar, samtykka rådmann Steinar Nesse.

Framtidig interessekonflikt
– Her risikerer vi å leggja grunnlag for ein framtidig interessekonflikt, åtvara Daniel Victor Sandvik (FrP).

Gründarane burde hatt tre representantar i styringsgruppa. Utleigar sin representant må ut, argumenterte Sandvik.

Uråd å endra på
– Her må vi gjera likelydande vedtak i tre kommunar, så samansetjinga av styringsgruppa kan vi ikkje endra på no, innvende Nesse.

VNR-leiar i dobbeltrolle
Ingen stilte spørsmål ved at Sartor Storsenter på den måten kjem til å få to representantar i styringsgruppa, sidan direktør Thomas Skålnes i Sartor Storsenter også er styreleiar for VNR.

Indrevik var samd med Sandvik i at kommunestyret her kan hende legg til rette for ein interessekonflikt. Sidan alle tre kommunane må vedta det same, såg han likevel ikkje anledning til å endra på samansetjinga av styringsgruppa.

Leiga lokale
Ingen stilte heller spørsmål ved at gründerparken skal leige lokale hos Sartor Storsenter, utan nokon anbodsutlysing.

– Dette er ei støtte
Indrevik meinte at gründerparken her vil kunna søkja på tilskot frå fylkeskommune og frå Innovasjon Norge. Trass i at det står økonomisk støtte på inntil ein million kroner i vedtaket, freista Indrevik (H) framstilla dette som ein kommunal garanti. Det ville imidlertid ikkje Skogestad (FrP) vera med på.

– Dette er ikkje berre ein garanti, det er ei støtte, innvende Skogestad.

Inhabil
Ernst Morten Einarsen (H), dagleg leiar for Sartor Holding som eig 50 prosent av Sartor Storsenter, og leiar for komite for drift og forvaltning, var inhabil i kommunestyret sin diskusjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s