Klar for anleggsstart på Tveit skule

Tveit barneskule på Askøy skal ha plass til 600 elevar – dobbelt så mange som i dag – når den planlagte utvidinga står ferdig til skulestart hausten 2018.

Nybygg i fire etasjar. Slik ser Veidekke sine arkitektar for seg at nye Tveit barneskule skal sjå ut.
Nybygg i fire etasjar. Slik skal nye Tveit barneskule sjå ut, ifølgje Veidekke sine arkitektar.

Det er Veidekke ASA som har fått generalentreprisen på oppdraget som omfattar både nytt skulebygg og ombygging av delar av dagens skule. Heile kontrakten har ein verdi på oppunder 130 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding frå Veidekke ASA.

Fire etasjar
Nybygget vert på fire etasjar og skal byggjast saman med dagens skulebygg. Det omfattande prosjektet vil gje skulen fleire klasserom og grupperom, nytt bibliotek og ny fleirbrukshall med scene, treningsrom og garderobar. Samla areal utgjer 7.100 kvadratmeter. Prosjektet inneber også omfattande utandørs arbeid.

Dobla elevkapasitet
Ferdig utbygd vil skulen ha plass til 600 elevar – kring dobbelt så mange som i dag.

Tveit skule ligg i eit utbyggingsområde. Siste fire åra har elevtalet auka med 20 prosent, vesentleg meir enn det skulebruksplanen for 2012 – 2016 la opp til. No kan det verta aktuelt å justera skulestrukturen for å utnytta kapasiteten på skulen, ifølgje forslaget til ny skulebruksplan.

Avtaleunderskriving
Anleggsarbeidet tek til første desember i år, og nybygget skal stå klart til skulestart hausten 2018. Oppgraderinga av dagens bygg skal stå klart våren 2019.

Det er rådmann Eystein Venneslan som har underskrive kontrakten med Veidekke ASA.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s