Mistar kontrollen over Sotrasambandet

Fjell kommune har kjempa for å ha kontroll over framdrifta for det nye Sotrasambandet. No har det dukka opp fleire nye hinder som utset oppstarten med minst eitt år.

Ingenting skal få forseinka Sotrasambandet ytterligare. Eit samrøystes kommunestyre i Fjell har i dag vedteke den endelege reguleringsplanen.
Slik det no ser ut, kan det nye Sotrasambandet tidlegast stå ferdig årsskiftet 2023/2024.

Det kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) fortelja kommunestyret i Fjell i dag.

Massedeponi
Før bompengesøknaden kan behandlast lokalt og i Hordaland fylkesting, må Bergen kommune ha vedteke reguleringsplanen for massedeponi av 1 million kubikk stein i tilknyting til Liavatnet, fekk ordføraren vita i eit møte med Statens vegvesen og Vegdirektoratet i går.

Bergen avgjer
I tidlegare møte har ordføraren fått forståinga av at denne reguleringsplanen kunne utarbeidast parallellt.

I Bergen har sterke aksjonsgrupper lenge kjempa mot å få enno meir stein i Liavatnet. No vert det opp til Bergen kommune å få på plass denne kritiske planen.

Les: Stein, stein, stein…

BKK må også ha klar sluttdato for ferdigstilling av den nye høgspentlinja, slik at ein kan kopla om Kollsnes – Mongstad, er eit anna krav som ordførararen fekk presentert på møtet i går.

Utsett til 2024?
Går alt etter planen, ser det no ut til at bompengesøknaden tidlegast kan behandlast lokalt neste haust, og i Stortinget våren 2018. Anleggsstart kan dermed først skje i 2020, med ferdigstilling tidlegast ved årsskiftet 2023/2024, orienterte Sandahl Bjorøy.

OPS-modellen
-Det vart også referert til ein ny OPS-modell. Det er noko her som kompliserer framdrifta, men det er ikkje OPS-modellen dei grunngjev utsetjinga med, sa Sandahl Bjorøy.

20 milliardar
I ei orientering for formannskapet tidlegare i haust kom det fram at Statens vegvesen må utarbeida kalkylar ikkje berre for byggekostnadane, men også for drifts og finansering før OPS-avtalen kan lysast ut på anbod. Sluttrekninga som Stortinget må ta stilling til å samband med Nasjonal Transportplan og i Statsbudsjettet kan dermed koma til å enda kring 20 milliardar kroner.

Les: Rekninga for Sotra-sambandet kan enda på 20 milliardar

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s