Arbeidsløysa held fram med å stiga

Ved utgangen av oktober er det 44 fleire heilt ledige i kommunane vest for Bergen enn for ein månad sidan.

NAV logoFylket sett under eitt har no ei arbeidsløyse på 3,2 prosent, ifølgje tal frå NAV for oktober.

Medan arbeidsløysa i Hordaland ser ut til å ha passert botnen, held ho fram med å stiga i offshore-beltet vest for Bergen.

Heilt ledige
Totalt er det no 1.426 heilt ledige i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, ifølgje NAV sin månadsvise oversikt. Samanlikna med situasjonen for eit år sidan, inneber dagens tal at 323 fleire står utan ein jobb å gå til.

Kor mange som deltek i ulike tiltak, og som difor ikkje er med i statistikken, er ikkje offentleggjort.

Stabilisering i Sund
Lyspunktet ser ut å vera i Sund, der dagens tal indikerer at den engative utviklinga på arbeidsmarknaden kan ha stabilisert seg. 137 heilt ledige er like mange som i september, og tilseier ei arbeidsløyse på 3,9 prosent.

Verst i Øygarden
Arbeidsløysa aukar i Fjell, Øygarden og Askøy. Verst er situasjonen i Øygarden. 12 fleire registrert arbeidslause siste månaden inneber at kommunen har no ei offisiell arbeidsløyse på heile 6,2 prosent.

Fjell har no 634 heilt ledige. 14 fleire enn ved utgangen av september inneber at arbeidsløysa no har kome opp i 4,7 prosent.

Størst auke
Største auken har kome i Askøy. 504 heilt ledige er 18 fleire enn for ein månad sidan. Dei heilt ledige utgjer no 3,4 av arbeidsstyrken. Kommunen er likevel framleis den kommunen i region vest som har lågast arbeidsløyse.

Les: Lysning på arbeidsmarknaden?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s