Konkurrerer med dei beste

Langsiktig forvaltning og god spreiing av investeringane har ført Fjell kommunale pensjonskasse heilt i toppen mellom norske pensjonskassar når det gjeld avkastning.

Nyvald styreleiar Alvhild Tofterå Berge i Fjell kommunale pensjonskasse får ansvaret for å sikra at avkastninga framleis kan konkurrera med dei beste i landet.
Nyvald styreleiar Alvhild Tofterå Berge i Fjell kommunale pensjonskasse får ansvaret for å sikra at avkastninga på fjellsokningane sine pensjonsinnbetalingar framleis kan konkurrera med dei beste i landet.

Siste fem åra har Fjell kommunale pensjonskasse hatt ei gjennomsnittleg årleg avkastning på 5,6 prosent, eller 0,1 prosent betre enn KLP. Med slike summar som det her er snakk om, vil forskjellen utgjera fleire millionar kroner årleg, kunne nyvald styreleiar Alvhild Tofterå Berge orientera kommunestyret i Fjell på siste møtet.

Les: Møt ein utypisk bankdirektør

Ung og frisk
Det at Fjell er ein ung og frisk kommune var medverkande til etableringa av eigen pensjonskasse i 2006. Samanlikna med den norske gjennomsnittskommunen har vi få uføre og få AFP-pensjonistar. Noko som vert spegla i utbetalingane. Så lenge vi var medlem i KLP, var vi ein netto bidragsytar til fellesskapet.

Eigarskapen til eigen pensjonskasse vil kunna få betydelege effektar for korleis kommunen organiserer HMS-tiltak, og på seniorpolitikken. Å ha fokus på tiltak som kan bidra til at dei tilsette held seg friske, og ikkje vert uføre, er viktig, ifølgje Tofterå Berge.

Å stå aleine har vore ein fordel så langt. Ettersom eldrebølgja treff også Fjell, kan det verta ein fordel å vera med i eit premieutjamningsfellesskap, varsla den nyvalde styreleiaren.

Firdobla forvaltningskapital
Innbetalingane frå nærare 1.400 tilsette i Fjell kommune utgjer ryggraden i den kommunale pensjonskassen. 385 fjellsokningar er avhengig av dei månadlege utbetalingane.

Sidan etableringa i 2006 har forvaltningskapitalen blitt nærare firdobla, frå 240 millionar til 917 millionar ved siste årsskifte. Fråtrekt årlege pensjonsutbetalingar på kring fire prosent av kapitalen, tilseier dei aukande forpliktelsane at forvaltningskapitalen bør veksa med 7 – 8 prosent årleg.

Moderat risiko
Investeringsfilosofien kviler på moderat risiko. Dessutan er det bygd opp eit bufferfond til bruk i krisesituasjonar. Om alt som kan gå galt, faktisk går galt, er sannsynligheten for å tapa heile bufferkapitalen på berre 2,5 prosent, ifølgje Tofterå Berge.

Unik kompetanse
Fjell er ein av få norske kommunar som har valt å gå mot straumen og etablera eigen kommunal pensjonskasse i dette hundreåret. Erfaringa frå denne 10-årsperioden tilsier at vi har opparbeida ein unik kompetanse som kan vera interessant for marknaden i samband med kommunereforma, hevdar Tofterå Berge. Den nyvalde styreleiaren ser gjerne at Fjell kommunale pensjonskasse vert vidareført i den nye kommunen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s