Snart tid for Haustutstillinga

Kiwanis årvisse haustutstilling er ein gjengongar i Sotrastrilen sin førjulskalender. I år fornyar dei seg for 30. gong.

For første gong på 25 år er eit fotografi valt ut til å prega program og utstillingsplakat. Fotograf Trude Brun Wilhelmsen har foreviga det furete kystlandskapet i biletet ”Øyen, eller Øyna, og Havet”.
For første gong på 25 år er eit fotografi valt ut til å prega program og utstillingsplakat. Fotograf Trude Brun Wilhelmsen har foreviga det furete kystlandskapet i biletet ”Øyen, eller Øyna, og Havet”.

Kiwanis haustutstilling kan i år feira 30-årsjubileum i Fjell. For å markera anledninga har arrangørane valt å henta inn nye kunstnarar, samstundes som dei har hanka inn att eindel tidlegare utstillarar som publikum har etterspurt, seier Kjell Lilletvedt, kunstnarisk ansvarleg i Kiwanis Club Sotra til Tunnelsyn.no.

Kunstglas og keramikk
Stor breidde i kunstartar, saman med ein kombinasjon av ferske og etablerte, lokale og nasjonale kunstnarar, er noko av forklaringa på sukessoppskrifta.

Mange Sotrastrilar vil nikka anerkjennande til at den populære keramikaren Elina Brandt-Hansen er tilbake etter fleire års fråvær. I haust stiller ho med fat til å henga på veggen, fortel Lilletvedt.

Sterkt etterlyst – og nytt i år – er kunstglas – her har Lilletvedt store forventingar til Åshild Karevoll som er årets utstillar.

God investering
Kunst kan også vera ei god investering, tenkjer arrangørane i Kiwanis.

– Det er kjekt å sjå at eindel av kunstnarane vi satsa på i starten no vert selde for fire – fem gongar så høg pris, konstaterer Lilletvedt.

For å kunna tilby verk av nasjonalt kjende kunstnarar som Vebjørn Sand, Kaare Espolin Johnson, Elling Reitan og Eser Afacan, har Kiwanis i år inngått samarbeid med Galleri Nygaten og Reidar Osen.

Debutantar
Som alltid har haustutstillinga funne plass til fleire lokale debutantar. Ei av dei er Azadeh Nassari som viser fram akvarellmåleria sine.

Aud Svelund frå Algrøy er ein annan lokal debutant. Nokre kjenner kan hende alt bileta hennar frå galleriet på Glesvær.

Mellom dei lokale kunstnarane Lilletvedt også vil framheva er Nora Klungtveit.

Stor pågang
Haustutstillinga er ein populær arena å visa seg fram. Arrangørane har hatt stor pågang av lokale kunstnarar. Eindel som var med i fjor, er ikkje med dette året:

– Det vanskelegaste har vore å seia nei, forsikrar Lilletvedt.

Stor prisvariasjon
Som vanleg kan Lilletvedt lova stor variasjon også når det gjeld pris. Kunst kan, men treng ikkje, vera dyrt. I år kan du sikra deg kunstverk i verdi frå eitpar 100-lappar og opp mot 50.000 kroner, reklamerer Lilletvedt.

Den populære kunstutstillinga går i år av stapelen i dagane 10. – 19. november. Som i fjor, vil utstillinga halda hus i 3. etasje på Sartor Storsenter, ved sida av VilVite.

-Huseigaren hadde gjerne sett at vi vart lengre, men det har vi ikkje vakter til, seier Lilletvedt.

Les: Ein arena å visa seg fram

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s