2000 år med globalisering

Vikingane drog på handelstokter til Konstantinopel så tidleg som på 800-talet. Deira bidrag til den internasjonale marknaden var skinn – og slavar…

Peter Frankopan nyskriv historien om globale makttilhøve.
Peter Frankopan nyskriv historien om globale makttilhøve.

Gull, silke, porselen og krydder. Luksusvarer frå andre land vart tidleg ei drivkraft for menneska si utforskingstrong, erobringslyst og vilje til å utsetja seg for ekstraordinære strabasar.

Mange silkevegar
Med ”Silkroads- A New History of The World” har Peter Frankopan skrive ei fengslande oppsummering over 2000 års verdshistorie – med handel over landegrensene som drivkraft for samfunnsutviklinga.

Frankopan er forskar og direktør for Centre for Byzantine Research ved Oxford University. Hans utgangspunkt er handelen i området frå Middelhavet via Svartehavet og Kaspiahavet til Kina – den sokalla ”silkevegen” – og korleis den har forma verdshistoria frå Romartida og fram til i dag.

Kva luksusvarer som vart etterspurt varierte frå land og periodar. Frankopan tek for seg handlesvare for handelsvare, ettersom dei skiftar betydning opp gjennom hundreåra. Kvar vare hadde sin silkeveg – difor fleirtal i tittelen.

Skandinavisk glanstid
Ut frå forskaren sin ståstad hadde dei skandinaviske landa si glanstid i vikingtida. Rikeleg tilgang på skinn gav dei eit eksklusivt og sterkt etterspurt bytemiddel på den internasjonale marknaden.

Vikingane si hensynslause framferd skaffa dei også grunnlag for ein annan handel – slavehandel. På si ferd langs elvane gjennom Russland, Ukraina og Slovakia kjøpte – eller røva – dei med seg alle som ikkje klarte å rømma unna.

Nyskriv vikinghistorien
Slik bidreg Frankopan til å utfylla biletet kring funna i DNA-analysen av kvinna i Osebergskipet – ho hadde opphav frå Ukraina.

Kapittelet himmelvegen tek for seg korstoga, og korleis grådighet – ikkje religiøs overtyding – var drivkraft for blodbadet i Konstantinopel i 1119. Også dette ei nyskriving av historien vi kjenner att frå den unge norske historikaren Øystein Morten si bok ”Jakten på Sigurd Jorsalfare”.

Maktpolitisk renessanse
Frankopan snur verdshistoria på hovudet. Hundreåra med Vest-Europeisk dominans, frå spanjolane oppdaga Amerika kring år 1500 og til britane måtte gje opp sitt verdsomspennande imperium, er eit kortvarig unntak i Frankopan si allokering av global makt.

I siste hundreåret har kampen om rettane til olje, kjernefysiske våpen og sjeldne metall gjeve Midt-Austen ein slags maktpolitisk renessanse, hevdar Frankopan. Ein påstand han underbyggjer med lite smigrande referat av først britane og seinare amerikanarane si framferd i gamle kulturland som Afghanistan, Iran og Irak.

Ei forklaring som gjev ekko heilt inn i valkampen i USA…

Kva med Nordsjøen?
For ein nordmann verkar det underleg å lesa Frankopans fokusering på olje i etterkrigstida, utan å ta med den som vert henta opp frå botnen av Nordsjøen. Med utgangpunkt i vår eigen historie, vil nokon kanhende også sakna forteljinga om tørrfisken sin silkeveg.

Godtek vi forfattaren sitt geografiske utgangspunkt, gjev boka eit fascinerande innblikk bak kulissene i forteljingane i 1001 natt.

Kart
Boka er ei kontinuerleg reise på kartet, med referanse til kjende og ukjende land og byar. Då burde kartmateriale ha vore langt fyldigare. Lat oss håpa det er på plass før den norske utgåva.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s