Frårår OPS-skular

Utbygging av nye skular som eit offentleg – privat samarbeid vil vera vesentleg dyrare enn om Askøy kommune står for bygging og drift i eigen regi.

Tveit barneskule er ein av fleire nye skular som skal byggajst i Askøy dei komande åra. Her skal Askøy kommune sjølv stå som byggherre.
Tveit barneskule er ein av fleire nye skular som skal byggjast i Askøy dei komande åra. Her skal Askøy kommune sjølv stå som byggherre.

På oppdrag for Utval for Levekår har rådmann Eystein Venneslan i Askøy utreia ei prinsippsak om bruk av offentleg – privat-samarbeid om bygging og drift av nye skular.

Konklusjonen kviler på erfaringar innhenta frå Oslo og Bergen. Torsdag skal saka opp i Utval for Teknikk og Miljø.

Motbeviser myter
I saksutreiinga argumenterer Venneslan mot fleire av dei mest populære mytane om fordelane med OPS-avtalar:

Ein OPS-avtale vil vera vesentleg dyrare enn utbygging og drift i eigen regi. Det skuldast at kommunen kan finansiera låna til lågare rente. Dei reknar seg heller ikkje forteneste.

Investeringskostnadane vil vera om lag like store i begge tilfella. Byggetida vil også vera tilnærma lik, ifølgje erfaringane Venneslan har innhenta.

Komplisert økonomi

Rådmann Eystein Venneslan vil auka det politiske handlingsrommet i budsjettarbeidet og føreslår å henta inn 40 millionar på eigedomsskatt på bustad, hytter og næringseigedomar.
Vel politikarane i Askøy å gå vidare med planane om OPS-samarbeid, tilrår rådmann Eystein Venneslan at det vert gjort ei nærare utgreiing av den kompliserte økonomien i OPS-avtalane.

Økonomien i eit OPS-prosjekt er svært komplisert, argumenterer Venneslan og viser til at Oslo kommune leiger inn ekstern spesialkompetanse for å bistå under utforminga av OPS-avtalane.

Økonomien vil mellom anna verta avgjort av korvidt kommunen skal kjøpa skulen tilbake til marknadspris når avtaleperioden er over, eller om tilbakekjøpet skal subsidierast.

Leige eller leasing?
Om det første er tilfelle, vert OPS-avtalen å rekna som ein rein leigeavtale, der husleiga kan finansierast over driftsbudsjettet.

Skal tilbakekjøpet subsidierast, vert det rekna som finansiell leasing, der investeringa må innarbeidast i kommunen sitt investeringsbudsjett.

Momskompensasjon?
Korvidt Askøy kan rekna med å få momskompensasjon på OPS-prosjekta, må avgjerast i kvart einskild tilfelle.

Forskjellane
Drifts- og vedlikehaldsavtalane i OPS-prosjekt har rett kostnadsnivå, meinar dei kommunale eigedomsforvaltarane. Kommunane derimot har ein tendens til å løyva for lite midlar til drift og vedlikehald av offentlege skulebygg.

OPS-prosjekta vert ikkje bygde etter same kvalitetskrava som kommunale prosjekt. Kommunale eigedomsforvaltarar vurderer det likevel slik at kvaliteten på OPS-prosjekta truleg er god nok.

Nøgde brukarar
Erfaringane er likevel ikkje einsidig negative. Brukarane av OPS-skulane opplyser at dei er godt nøgde. Dei meinar dei får ein betre dialog og service med OPS-entrepenøren enn om utbygginga skjer i regi av eigen organisasjon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s