Styrkjer det statlege barnevernet

Barnevernet i kommunane vestom Bergen vert i desse dagar styrka med 14,5 nye stillingar, finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet.

500 ungar i Askøy veks opp i familiar med ei inntekt som er under fattigdomsgrensa.
Barnevern er ein budsjettpost som ikkje alltid vert like høgt prioritert i kommunane. No vert det statlege barnevernet i Hordaland styrka med 97 stillingar – 14,5 av dei i kommunane vestfor Bergen.

Heile 61,9 millionar kroner vert i desse dagar fordelte til kommunane i Hordaland for å styrkja det statlege barnevernet.

Askøy
Dei store kommunane Askøy og Fjell kjem godt ut i denne tildelingsrunden, som vert administrert av Fylkesmannen i Hordland.

Barnevernet i Askøy får dette året 4,2 millionar kroner i tilskot som skal brukast til å løna seks barnevernsmedarbeidarar.

Fjell
I Fjell får dei 3,5 millionar kroner, medrekna ubrukte midlar overført frå fjoråret. Pengane skal nyttast til å løna fem nye medarbeidarar.

I Sund skal 1,05 millionar kroner finansiera halvannan stilling, og i Øygarden er 350.000 kroner nok til å løna eit halvt årsverk.

Barnevernsvakt
I tillegg kjem lokale barnevernsvakter; ein felles stilling for Fjell, Sund og Øygarden, og ein halv stilling i Askøy.

Les: Barnefattigdom eit ikkje-tema i Askøy

Les: Barnevernet sviktar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s