Her vil dei ha fortau og to køyrefelt

Det skal verta fortau, to køyrefelt og veglys langs Gamle Bildøyvegen frå Straume Sjøfront til Ankerhagen. Gamle Straumsbru bør ein også vurdera å få gjort noko med.

Trafikken vil verta dobla i Bildøyvegen som følgje av utbygginga av Straume Sjøfront. Utbyggjar skal likevel sleppa unna kravet om å byggja fortau.
Utbygginga av Sjøfronten vil dobla trafikkmengda mellom Ankerhagen og Gamle Straumsbru. No føreslår KDF å bruka ev. ekstraløyvingar til trafikksikring til å utbetra strekkja til to køyrefelt med fortau.

Utkastet til Trafikksikringsplan for Fjell for 2016 – 2020 har berre 28 millionar kroner å rutta med for heile perioden. Tiltak manglar det likevel ikkje på i forslaget til handlingsplan som Komite for drift tilrådde i går.

Bildøyvegen
Utbetring av Bildøyvegen frå Gamle Straumsbru over Bildøy til brua over Bildøystraumen, toppar framleis lista. 20 millionar skal avsetjast i denne perioden, og like mykje skal overførast frå forrige periode.

Les: Vil ha 50-sone i Gamle Bildøyvegen

Utført
Fleire av dei mindre tiltaka i planen er alt utført, takka vera ekstramidlane kommunen har fått tildelt frå Regjeringa for å bøta på den vanskelege situasjonen på arbeidsmarknaden.

To køyrefelt og fortau
Det skal opparbeidast fortau langs den smale Bildøyvegen frå Straume Sentrum/Ankerhagen og ned til avkøyrsla til Sjøfronten.

Utbetring av strekkja Ankerhagen – Sjøfronten til to køyrefelt er det tiltaket som bør prioriterast, får kommunen tildelt fleire ekstramidlar til trafikksikring, tilrår KDF. Vegutvidinga er kalkulert til 5 millionar kroner, føresett at tiltaket kan utførast samstundes som fortauet vert opparbeida.

Dobla trafikkmengde
Den smale og fortauslause Bildøyvegen fungerer som omkøyringsveg for R555. Sjølv på ein vanleg dag kjører det meir enn 1.600 bilar gjennom vegen som kronglar seg mellom bustadane.

Utbygginga av Sjøfronten inneber opparbeiding av garasjeanlegg for 350 bilar, noko som vil meir enn dobla den daglege trafikkmengda.

Les: Veidekke vrakar kystbygarasjen

Les: Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Gamle Straumbru

Gamle Straumsbru er så smal at Daniel Victor Sandvik (FrP) opplever der som om han køyrer over tærne til dei gåande. Likevel vil han ikkje krevja at utbyggjar skal sørgja for trafikksikringa av brua.
Gamle Straumsbru er så smal at bilistane opplever der som om dei køyrer over tærne til dei gåande. Likevel vil ikkje politikarane i KPU krevja at utbyggjar skal sørgja for trafikksikringa av brua.

Med tiltak både på aust og vestsida av Straumsundet, bør det gjerast noko også med Gamle Straumsbru, tilrår KDF.

Tiltaket ligg inne i reguleringsplanen for Sjøfronten, men her slapp Veidekke unna ansvaret.

Les: Fjell vil subsidiera børsnotert utbyggingsgigant

Både Innbyggjarinitiativet Bevar Straume og Fjell Båtlag/Brukarane av Straumsundet har tidlegare oppmoda om at den smale brua frå 1927 vert utbetra.

Prosjektering?
Ei utbetring av Gamle Straumsbru er heller ikkje prioritert med øyremerkja trafikksikringmidlar i denne perioden. Det bør likevel vurderast å setja i gong prosjektering og utarbeiding av kostnadskalkyle for ei ny bru med høgare standard, tilrår KDF.

Auka siglingshøgde, breiare løp og gang- og sykkelveg på toppen. Ei utbetring av Gamle Straumsbru vil vera eit Kinderegg for tryggleiken, både for mjuke trafikkantar og for båttrafikken.
Auka siglingshøgde, breiare løp og gang- og sykkelveg på toppen. Ei utbetring av Gamle Straumsbru kan verta eit Kinderegg for tryggleiken, både for mjuke trafikkantar og for båttrafikken.

 

Les: Vil ha Gamle Straumsbru utbetra

Du kan lasta ned framlegget til TS-plan frå kommunen sine heimesider.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s