Kommentar: Gje dei frivillige fast jobb!

Frivillig sektor sit med nøkkelen til å få ned arbeidsløysa og auka sysselsetjinga i Norge. Hadde frivillig sektor omstilt seg til å løna dugnadsinnsats, kunne samtlege norske arbeidssøkjarar hatt ein jobb å gå til.

Årsverk innan frivillige helseorganisasjonar. Andel av uløna årsverk samanlikna med totalt antal årsverk.
Årsverk innan frivillige helseorganisasjonar. Utvikling i andel av uløna årsverk samanlikna med totalt antal årsverk.

Siste tala for frivillig sektor viser at det vart utført 147.800 uløna årsverk i 2014. Talet tilsvarar 3,6 prosent av samtlege årsverk utført i Norge, ifølgje SSB.

Dobbelt så høgt som talet på arbeidsledige
Undersøkinga viser at talet på uløna årsverk utført i frivillig sektor er nær dobbelt så høgt som talet på arbeidsledige. Ja, det overgår til og med dei 134.000 arbeidssøkjarane her til lands.

Viktige velferdsoppgåver
– Gjennom sin tenesteproduksjon bidreg organisasjonane til å utføra viktige oppgåver i velferdssamfunnet, kommenterer forskarane i SSB funna i undersøkinga.

Tyngda av den uløna innsatsen vert utført av personar som er kvalifiserte for oppgåva. Her ligg det dermed an til stor grad av overlapping mellom behov og utdanningsnivå, kan hende i langt større grad enn i mange andre sektorar med omstillingsbehov.

Helse og sosial
Helse og sosiale tenester vert framheva som dei delane av frivillig sektor som yter dei største bidraga til samfunnet.

Stadig fleire oppgåver innan helse vert utført av frivillige. Berre sidan 2010 har andelen som jobbar utan løn i frivillige helseorganisasjonar auka frå 29 til 41 prosent. Tilsvarande utvikling innan sosiale tenester er ein auke frå 14 til 23 prosent.

Det norske kulturlivet kunne også ha fått eit boost, hadde dei omstilt seg frå uløna til løna arbeid, ifølgje undersøkinga.

Sterkt behov for omstilling
Norge treng innsatsen deira. Arbeidssøkjarane treng ei løn til å leva av. Undersøkinga synleggjer at potensialet for omstilling er langt sterkare i frivillig sektor enn i nokon andre sektorar i norsk samfunnsliv.

Hadde dei frivillige fått løn for strevet, ville det ha tilsvart ein lønsutbetaling på 71,9 milliardar kroner, ifølgje SSB. Inntekter arbeidstakarane skulle ha betalt skatt av, handla for og som kunne ha bidrege til deira framtidige pensjonar.

Lønsam på lang sikt
Frivillig sektor sit med nøkkelen til å få ned arbeidsløysa og auka sysselsetjinga i Norge.

71,9 milliardar kan høyrast mykje ut. Ein samfunnsrekneskap vil kunna visa at dette er ei lønsam investering på lengre sikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s