Opnar nytt marknadssegment for CCB

Oppdraget med klargjeringa av jackup-riggane «Askepott» og «Askeladden» opnar eit nytt marknadssegment for Coast Centar Base AS. Men først må dei investera fleire titals millionar i nytt mottaksanlegg.

Slik ser Statoil sine nye og kostnadseffektive CAT-J riggar ut.
Designet for Askepott og Askeladden. Slik ser Statoil sine nye og kostnadseffektive CAT-J riggar ut.

Det vart i dag klart at det er CCB AS på Ågotnes for får oppdraget med å ta mot og klargjera Statoil sine to nye jackup-riggar, dei sokalla CAT-J riggane.

Klargjering
Askepott og Askeladden, som dei to riggane heiter, er under bygging ved Samsung Heavy Industries i Sør-Korea, og skal slepast til Norge for å klargjerast for boreoperasjonar på djup frå 70 – 150 meter på Gullfaks- og Oseberg-felta. Det er KCA Deutag Drilling som skal drifta riggane.

Uvisst omfang

Kurt Rune Andreassen har endeleg fått oppfylt ønskjet om eit oppdrag som forsvarar investeringa i eit mottaksanlegg for jackup-riggar
Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS har endeleg fått oppfylt ønskjet om eit oppdrag som forsvarar investeringa i eit mottaksanlegg for jackup-riggar.

Nett kor mykje arbeid som står att, kor lenge opphaldet på CCB vil vara og kor stort personell det vil vera behov for når den første riggen kjem til CCB på forsommaren nest år, er uvisst, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen til Tunnelsyn.no.

Få hjula i gang att
– Vi reknar med at oppdraget vil vera eit viktig bidrag til å få hjula i gang att både for CCB og hos underleverandørane våre, seier Andreassen.

Nytt marknadssegment
– Askeladden og Askepott opnar eit nytt marknadssegment for CCB, supplerer prosjektsjef Sveinung Vethe i CCB AS.

Utløyser investering
CCB har lenge hatt planar om å førebu basen for å ta mot jackup-riggar, men investeringa har stått på vent i påvente av oppdrag, seier Andreassen.

Tiltaket vart i utgangspunktet kalkulert til å ville krevja investeringar i storleik 20 – 30 millionar kroner. Verken Andreassen eller Vethe ønskjer i dag å kommentera beløpet.

Les: Sjef for skiftande tider

Eit ti-tals jackup-riggar er i dag i drift på norsk sokkel. CCB vert det andre verftet i Norge som kan ta mot slike riggar.

Entrepenøroppdrag på sjøbotnen
Før CCB kan ta mot jackup-riggane, må det gjerast eit omfattande entrepenøroppdrag på sjøbotnen i tilknyting til basen.

Sjøbotnen må jamnast ut med stein og grus slik at riggane kan stå støtt, fortel  Vethe. Prosjektsjefen er no i kontakt med lokale entrepenørar for å få hasteoppdraget utført før første riggen kjem inn Hjeltefjorden.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s