Idyll på kanten av Sotrasambandet?

At Sotrasambandet kjem enno nærare Straume Sjøfront når nye R555 står ferdig, underslår reklamen for det framtidige bustadprosjektet.

Sotrasambandet, diskret plassert i øverste venstre hjørna, men ikkje omtalt i prospektet.
Det nye Sotrasambandet, diskret plassert i øverste venstre hjørna av oversiktsbiletet i salsprospektet. At den nye firefelte motorvegen kjem langt nærare enn dagens, vert ikkje omtalt.

Bergen sentrum blir enda nærmere når det nye Sotrasambandet står ferdig, reklamerer Privatmegleren i salsprospektet for Straume Sjøfront.

At det ikkje berre er Bergen, men også sjølve Sotrasambandet som vil koma vesentleg nærare enn i dag, unnlet eigedomsmeklaren å kommunisera til potensielle bustadkjøparar.

Næraste nabo

Det nye Sotrasambandet vil koma på ei fylling sør for dagens veg, ifølgje Statens vegvesen.
Det nye Sotrasambandet vil koma på ei fylling sør for dagens veg, ifølgje Statens vegvesen.

Sjøfronten får det nye Sotrasambandet som næraste nabo på nordsida. I henhald til den vedtekne reguleringsplanen skal det byggjast ei ny bru sør for den noverande. Den nye brua skal ha ei breidde på 25 meter, og vil koma vesentleg lågare enn dagens. På Straumesida må det lagast ei fylling mot Sjøfronten for å få plass til brua.

Diskret plassert
Einast på eit oversiktsbilete over området ser vi ei antyding av Sotra sin trafikkale nervestreng, diskret plassert i øverste venstre hjørna.

God akustikk
Dei som har fredast i båt gjennom Straumsundet, veit at det ikkje er noko å utsetja på akustikken frå dagens bru. Du høyrer bilane langt betre under brua enn oppå.

I områdereguleringsplanen åtvarar Statens vegvesen om at det vil vera naudsynt med støyskjerming. I orienteringane sine til formannskap og kommunestyre i Fjell antyda dei også at bygga nærast vegen bør regulerast til næringsverksemd, ikkje til bustad.

Fuglesong?
Korleis betongfasadane på dei nye bygga vil påverka støytilhøva, har ikkje eigedomsmeklaren publisert vurdering av, men betong er ikkje akkurat kjend for å dempa støy.

Med ei forventa trafikkmengde på oppunder 30.000 bilar i døgnet, er det liten grunn til å tru at dei nye bebuarane verta plaga av fuglesong.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s