Pressar på for Sotrasambandet

NHO Hordaland og Bergens Næringsråd legg press på Hordalandsbenken i Stortinget for å få framskunda oppstarten av nytt Sotrasamband.

Sotrasambandet
Det nye Sotrasambandet vil generera kring 1 million kubikkmeter overskotsmasse. Arbeidet med sambandet får ikkje starta før det føreligg ein reguleringsplan for kvar massane skal deponerast, krev Statens vegvesen.

– Det er ikkje haldbart for næringslivet at oppstarten av Sotrasambandet skal verta utsett i påvente av ein reguleringsplan for massedeponi, hevdar administrerande direktør Tom Knudsen i NHO Hordland i ei pressemelding.

Les: Mistar kontrollen over Sotrasambandet

Leiinga for Bergen Næringsråd og NHO Hordaland møtte Hordalandbenken på Stortinget torsdag ettermiddag.

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS var ein av dei som tok turen over fjellet, og som fekk utteljing for turen:

– Sotrasambandet er eit av dei temaene som vil stå høgt på agendaen, fortalde han Tunnelsyn.no like før han forsvann inn dørene til Stortinget.

Stortingsrepresentantane var lydhøre, og lova å bidra til at oppstarten av arbeidet kan skje som planlagt i 2019.

Massedeponi er eit problem ved fleire utbyggingar, meinar Torill Eidsheim (H). Ifølgje pressemeldinga er ho ikkje bekymra for at oppstarten vil verta utsett.

Kvar vegvesenet skal gjera av all steinen, gjev verken Knudsen eller Eidsheim noko svar på. At store mengder overskotsmasse er eit samfunnsproblem, vedkjem tydelegvis ikkje næringslivet.

Les: Stein, stein, stein…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s