Tesla-øya

Askøy er den kommunen i Hordaland som har flest Tesla samanlikna med folketalet.

Tesla sitt sporty design, spreke motor og null i offentelge avgifter apellerer
Tesla sitt sporty design, spreke motor og null i offentelge avgifter appellerer til pengesterke kjøparar.

Med sporty design, sprek motor og null offentlege avgifter tok det ikkje elbilprodusenten Tesla og model S lang tid å verta mellom dei mest populære bilane i Norge.

Tesla-tettleik
Med 90 privateigde Tesla Askøy kommune er den kommunen i Hordaland som har flest Tesla samanlikna med folketalet. Her finn vi 3,14 Tesla per 1000 innbyggjarar, har Dagens Næringsliv rekna ut.

Eit godt stykke lenger nede på lista finn vi Austevoll (15 Tesla – 2,89 per 1000 innbyggjar, og Bergen 768 Tesla – 2,76 per innbyggjar).

Gunstig kjøp
Den typiske Tesla-kjøparen er ein mann, med ei snittinntekt på over 1,1 million, ifølgje ein sosiologisk analyse næringslivsavisa har utført av kjøparane.

Ein Tesla kostar frå kring 750.000 kroner og opp mot det doble, avhengig av motor og ekstrautstyr. Fritaket for moms, veiavgift, bompengar og parkering gjer likevel Tesla til eit særdeles gunstig bilkjøp for dei som har god råd i utgangspunktet.

Samfunnet tapar 500 millionar
Dei 12.730 Teslaene som køyrer rundt på norske vegar har kvar sluppe unna avgifter på over ein halv million – per bil. Samla har dei påført det norske samfunnet eit tap på over 500 millionar kroner berre i 2016, ifølgje Dagens Næringsliv.

Innføring av bompengar er i mange tilfeller det som utløyser kjøpssignal. Slik også i Askøy.

Les: 3 av 10 betalar ikkje

Flest Tesla finn vi Asker, med 5,4 bilar per 1000 innbyggjarar. Einaste Vestlandskommunen som har fleire Tesla enn Askøy, er Finnøy i Rogaland. Her er det 5,28 Tesla per 1000 innbyggjarar.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s