Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Erik Sakslo klaga på det han trudde var ei bod. Då vart han fortalt at den frittståande ”boden” eigentleg var ei tre etasjar høg blokk som skulle plasserast mindre enn sju meter frå hans eigen husvegg.

Ankerhagen ruvar høgt over naboane er eit døme på uheldig integrasjon mellom nytt og eksisterande busetnad på Straume.
Ankerhagen ruvar høgt over naboane og er eit skuleeksempel på uheldig integrasjon mellom ny og eksisterande busetnad på Straume. No planlegg Bybo AS og Fjell kommune ein tilsvarande visuell konflikt på Søre Straume.

I eit delegert vedtak i mai i år gav plansjef Berit Rystad rammeløyve til å byggja ei blokk med elleve bustadeiningar på nabotomta til Sakslo sin einebustad i Gjeitevikja på Søre Straume.

Søre Straume
Sakslo skal verta nabo til Bybo AS og Nydal Eiendom AS sitt felles prosjekt med 101 bustadar i blokker, ein bratt 800 meters utforbakke unna Sartor Senter.

Busetnaden sett frå sør. Sakslo sin einebustad er den låge bustaden på høgre sida av biletet.
Vert omslutta av blokker. Sakslo sin einebustad på høgre sida av biletet. Her ser vi høgdeskilnaden, samanlikna med den planlagte busetnaden.

Den tre etasjars høge blokka skal plasserast mindre enn sju meter vestanfor husveggen til einebustaden til Sakslo. Blokka vil ruva halvannan etasje høgare enn mønet til einebustaden, viser planteikningane som følgjer med klagesaka som Komite for Plan og utvikling skal behandla i dag.

Stel lys og kveldssol
– Blokka vil stela både ettermiddags- og kveldssol frå uteplassen til einebustaden vår, skriv Sakslo i klagen.

Plasseringa av blokka, høgda og avstanden kan vera i strid med nabolova då dei samla sett medfører eit alvorleg inngrep i bruksforhalda for hans eigen bustad, hevdar advokaten Sakslo har sett seg nøydd til hyra inn for å få oversikt over eit kompekst lovverk.

Utbyggjar skifta meining
Nabovarselet Sakslo mottok like før jul i fjor viste at nabotomta skulle utformast med ei blokk, men at det var ei frittståande bod som skulle plasserast nærast nabogrensa.

I etterkant av nabovarselet har utbyggjar endra meining.

No vil Bybo AS, ved OG Arkitekter AS, bryta opp fasaden på blokka. Bygget skal formast som ein U, med eit felles trappehus og heissjakt i midten. Det nordre beinet på U-en vil koma som eit tre etasjars bygg om lag på same staden der boden først var tenkt.

I strid med reguleringsplanen

Sakslo sin nye utsikt. Høgre "beinet" på U-en kjem fire meter frå terassen hans.
Sakslo sin nye utsikt. Det planlagt nybygget vil stela all ettermiddags- og kveldssol. Høgre «beinet» på U-en kjem fire meter frå terassen hans.

Ei endring som kom totalt utventa på Sakslo, og som han først gjort merksam på etter at han hadde klaga på nabovarselet.

Ei framferd Sakslo naturleg nok reagerer kraftig på.

– Den nye utforminga er i strid med den vedtekne reguleringsplanen for Straume Sør, hevdar Sakslo.

– Plankartet er ein illustrasjon til utbygging og er ikkje juridisk bindande, hevdar utbyggjar.

Stilbrot
Plansjefen hevdar at bygget tilfredstillar Plan og bygningslova §29-2 sitt krav til ”gode visuelle kvalitetar”. Eit krav som mellom anna skal sikra at byggverk passar inn i høve til omgjevnaden og eksisterande bygningsmasse, slik at strøket sin karakter ikkje vert øydelagt.

Rådmannen medgjev at han kan sjå at blokka stilmessig vil bryta med eksisterande bygg i området, men hevdar at det kan aksepterast då det er snakk om eit område som er under transformasjon.

Konfliktfylt
Fortettinga av einebustadområda på Straume er kjelde til stadig nye konfliktar mellom oss som bur her på den eine sida og utbyggjar og kommune på den andre.

Klagesaka som KPU skal behandla i dag minnar mykje om striden rundt plasseringa av blokka Ankerhagen i 2010. Den ruvande plasseringa innimellom einebustadar og rekkjehus var sterkt medverkande til å utløysa organiseringa av Innbyggjarinitiativet Bevar Straume og underskriftsaksjonen som fekk 820 underskrifter mot bydanning og fortetting.

Les: Her budde det ein gong 10 familiar

Kjempar for gode retningsliner
Innbyggjarinitiativet Bevar Straume legg særleg vekt på å få utforma gode retningsliner for integreringa av ny busetnad i heimemiljøet vårt.

6 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s