Vil senda bilar frå 700 bustadar gjennom Bildøyvegen

Dei 700 planlagte bustadane i Branndalsåsen på Nordre Bildøy skal få tilkomst til Bildøyvegen via Bjørkestølen.

Det er BKK som avgjer kvar kabelgrøftene skal gå. Fjell kommune har inga innflyting.
BKK sine høgspentmaster i Branndalsåsen er blitt fjerna for å gje plass til 700 bustadar og eit nytt sentrumsområde.

Det vart klart då planleggjar Lene Takvam i Fjell kommune orienterte medlemmane i Komite for Plan og utvikling om status for områdeplanen som er under utarbeiding.

Stort garasjeanlegg
Dei 700 bustadane skal plasserast i det søraustlege hjørna av det 86 mål store området, som grensar mot Straumsundet i aust.

Eit stort underjordisk garasjeanlegg vert planlagt i tilknyting til bustadområdet. Dette trass i dei overordna ambisjonane om at berre 25 prosent av trafikken ut av området skal skje med bil.

Dei som bur langs den smale Bildøyvegen har protestert mot den trafikkbelastninga ei vegutløysing mot Branndalsåsen vil medføra. Dei ser helst at Branndalsåsen får vegtilkomst direkte mot R555.

Les: Vegmysteriet i Branndalsåsen

Eit nytt sentrumsområde vert samstundes planlagt i nordaustlege delen av Branndalsåsen. Sentrumsområdet skal få tilkomst via den eksisterande vegen til skuleområdet på Bildøy.

Altus Eiendom
Det er Altus Eiendom AS, med dagleg leiar Ernst M. Einarsen, som står som eigar og utbyggjar av området på Nordre Bildøy.

Einarsen (H) er også leiar for Komite for drift og forvaltning i Fjell kommune.

Brikkene datt på plass
Komite for drift og forvaltning har politisk ansvar mellom anna for Trafikksikringsplanen for Fjell for 2016 – 2020. Det var fleire som heva augebryna då det i den avsluttande politiske behandlinga av Trafikksikringsplanen brått vart føyd til eit avsnitt om å utbetra Bildøyvegen frå Straume Sentrum til Gamle Straumsbru til to felt, og samstundes å få prosjektert og kostnadsrekna ei utbetring av Gamle Straumsbru.

Dagens presentasjon av komiteleiaren sine utbyggingsplanar i Branndalsåsen fekk brikkene til å detta på plass.

Les: Her vil dei ha fortau og to køyrefelt

Les: Fjell vil subsidiera børsnotert utbyggingsgigant

Forverra tilhøve for båtfolket
Kommunen sine planleggjarar held fast på tanken om å laga ei ny gang- og sykkelbru frå Straume Sjøfront til Branndalsåsen.

Gang- og sykkelbrua over Straumsundet vil få ei maksimal siglingshøgde på fire meter over ei breidde på elleve meter, ifølgje Takvam.

Brua vil få ei slik utforming at siglingsløpet vert flytta enno lenger vest, og inn i grunnare farvatn, enn i dag.

Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag sende felles merknad mot gang- og sykkelbrua då oppstarten av planarbeidet vart kunngjort.

Les: Straumsundet må gjenopnast som farlei

Oversåg tilbod om innbyggjarmedverknad
Då vi såg at oppstartmeldinga for planarbeidet la opp til eindel potensielle konflikter med andre interesser, tilbaud Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag oss å delta i ei ressursgruppe i samband med planlegginga. Slik innbyggjarmedverknad har planavdelinga i Fjell kommune ikkje vore interessert i.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s