Sjå nøye på denne gjengen!

Desse 20 personane er blitt peika ut til å representera lokaldemokratiet i Fjell, Sund og Øygarden. Dei skal førebu 37.000 strilar på å leva saman i ein kommune.

bilettekst
Dei utvalde: fv. Vibeke Hodnekvam (Utdanningsforbundet, Øygarden), Hildegunn Høyland (Fagforbundet, Sund), Silvia Haugland (Øygarden), Kari-Anne Landro (Sund), Trude Villanger (HVO, Fjell), Jogeir Sognnæs (Sund), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Egil Haaland (Fjell), Børge Haugetun (Øygarden), Hilde Lohmann Sandal (Fjell), Odd Bjarne Skogestad (Fjell), May Elin Limevåg (Sund), Ernst Einarsen (Fjell), Anita Garlid Johannesen (Fjell), Tom Georg Indrevik (Fjell), Kjell Arve Vorland (Sund), Svein Bergh (Fjell), Nils Kåre Skoge (Sund) og Ingrid Toft (Øygarden). Espen Harkestad (Øygarden) var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

Dei politiske vedtaka i kommunane vart gjort i vår. Først neste sommar skal Stortinget velsigna kommunesamanslåinga. For ikkje å mista moment i prosessen, har Fjell, Sund og Øygarden like godt oppretta ei førebuande fellesnemnd som skal avklara eindel av dei sentrale problemstillingane før den formelle prosessen tek til.

Første møte
Utvalet, som hadde sitt første møte onsdag denne veka, består av åtte politikarar frå Fjell, fem frå Sund og fire frå Øygarden. Leiar er ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell. I tillegg er det kome med tre representantar frå dei tillitsvalde i kommunane.

Kulturbygging
Kulturbygging er Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy sitt hovudmål for leiarvervet i den førebuande fellesnemnda.

– For å gjennomføra prosessen på ein god måte, må vi få til ei felles forståing av korleis vi skal byggja ein ny kommune. Vi treng og involvering frå innbyggjarane når den formelle fellesnemnda er sett, seier Sandahl Bjorøy til Tunnelsyn.no

Treng tida
Å få gjort alt ein har sagt ein skal gjera, er Sund-ordførar Kari Anne Landro sin personlege ambisjon for engasjementet i den førebuande fellesnemnda.

– Vi treng tida. Erfaringa frå Sandefjord, som går saman med Stokke og Andebu no ved årsskiftet, tilseier at det kunne ha blitt knapt med tid om vi ventar til Stortingsvedtaket er gjort, seier ordførar Kari Anne Landro i Sund til Tunnelsyn.no.

Framadskridande strategi
Børge Haugetun, ordførar i Øygarden, er forsiktig med å lansera personlege ambisjonar for arbeidet:

Haugetun ser den førebuande fellesnemnda som den viktigaste reidskapen til å realisera ein felles kommune. Han føreser at arbeidet føl ein framadskridande strategi.

Kartlegging
Det skal i første omgang gjennomførast omfattande kartleggingar, mellom anna av IKT-løysingar, selskapsstrukturar og personalordningar i dei tre kommunane. Det skal og tilsetjast ein prosjektleiar som skal sørgja for å gjennomføra dei tiltaka nemnda kjem fram til.

Nemnda har ikkje mandat til å treffa formelle avgjerder i samband med sjølve kommunesamanslåinga. I den grad det vert naudsynt med formelle vedtak, vil dei verta fremma som likelydande saker i dei tre kommunestyra.

Les: Fleirtal for samanslåing i alle tre kommunane

Les: Solskin over nye Øygarden

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s