Skogen – CO2-lager over karrig kyst-landskap

Naturen er det største CO2-lageret vi har. Gjennom fotosyntesen opptek den norske skogen CO2 tilsvarande utsleppa frå 18 Mongstad-raffineri – kvart år.

Trolsk parti ved grinda til Morland, om du går den gamle kyrkjevegen til Fjell.
Når du ser skog over karrig Sotra-landskap, vit at skog er det plantematerialet som har mest permanent kapasitet for lagring av CO2.

Attgroinga av det norske landskapet vert av mange rekna som eit veksande problem. Dei færraste tenkjer over at skog over eit karrig kystlandskap også kan vera gunstig for klimaet.

Les: Heiste flagget for kulturlandskapet

Overser naturen
I jakta på ny teknologi for fangst og lagring av CO2, er nordmenn i ferd med å gløyma kva rolle naturen kan spela i arbeidet for å nå klimamålet, hevdar dei i Naturvernforbundet Hordaland.

Paris-avtalen
Ved underteikning av Paris-avtalen i fjor haust forplikta Norge seg til å redusera utsleppa av klimagassar med 40 prosent innan 2030, skal vi bidra til at den globale temperaturen ikkje aukar meir enn 1,5 grader.

Fotosyntesen
Ved sida av havet er skog og myrar det største CO2-lageret vi har. Den norske regjeringa investerte over sju milliardar i forsøket på å få til eit fullskala CO2 reinseanlegg på Mongstad, utan å lukkast.

Les: Havforskarane fryktar sur lekse for sjømatnæringa

25 prosent
Sjølv utan ei einaste krone i investeringar, sørgjer naturen for at 25 prosent av alt CO2 vi slepp ut vert fanga og lagra, er forskarane samde om.

Lagringa skjer gjennom fotosyntesen. Sollyset omdannar karbondioksid i lufta til faste organiske forbindelsar i plantematerialet.

Mest permanent
Norsk skog veks sakte. Først etter 80 – 120 år er eit tre klar for hogst. Mykje av treverket vert dessutan nytta som bygningsmaterialar. Skog er difor det mest permanente plantematerialet for lagring av CO2.

11 månelandingsanlegg
Den årlege tilveksten av norsk skog utgjer noko slikt som 24 millionar kubikkmeter. Takka vera meir skogplanting og aukande attgroing, har lagringskapasiteten for CO2 auka med ein milliard tonn dei sist 90 åra, hevda forstkandidat Trygve Refsdal i eit føredrag på Naturvernforbundet Hordaland nyleg.

Skulle vi ha klart å få til noko tilsvarande ved hjelp av teknologi, måtte vi hatt elleve fullskala månelandingsanlegg i drift i 80 år, hevdar Refsdal.

Eit lite bidrag
I den store samanhangen i oljenasjonen Norge monnar skogen sitt CO2-opptak likevel lite. 24 millionar kubikkmeter skog tilsvarar CO2-innhaldet i 12 millionar fat olje – tre dagars produksjon på norsk sokkel, ifølgje Refsdal.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s