Venneslan sladda Askøylista sitt krav om lovlegheitskontroll

Rådmann Eystein Venneslan i Askøy får kritikk av fylkesmannen for å ha lukka dørene då formannskapet behandla Mjølkevikvarden si framtid. I saksframstellinga testar Venneslan grensene for kva informasjon som skal vera unnateke frå offentlegheit.

Askøylista ønskjer ikkje ein praksis der det skal vera einkelt å halda heile saker unna offentlegheita dersom det berre er einskilddetaljar som bør hemmeleghaldast, ifølgje Espelid. - Utstrakt bruk av hemmeleghald er ein trussel mot demokratiet
Varaordførar Bård Espelid og Askøylista har fått medhald av fylkesmannen i Hordaland i at det var feil å behandla saka om framtida til Mjølkevikvarden bak lukka dører.

Assisterande fylkesmann Rune Fjeld vil ikkje vera med på at Askøy kommune gjorde rett i å lukka dørene då formannskapet i vår behandla saka om Mjølkevikvarden si framtid.

Les: Varaordførar protesterte mot kommunalt hemmelighetskremmeri

Lovligheitskontroll
Varaordførar Bård Espelid (AL) og Askøylista sine to øvrige representantar i kommunestyret kravde lovlegheitskontroll av vedtaket. No har dei fått medhald av fylkesmannen i Hordaland.

Fylkesmannen tek ikkje stilling til innhaldet i formannskapet sitt vedtak om Mjølkevikvarden. Han gjev likevel klagarane medhald i at det var feil å lukka dørene då saka vart behandla.

Ikkje sannsynleggjort taushetsplikt
– Fylkesmannen finn det ikkje sannsynleggjort at det under behandlinga av den aktuelle saka villa kunne komma fram opplysningar som er underlagt lovbestemt taushetsplikt, grunngjev fylkesmannen vedtaket.

Feil å lukka dørene
Å behandla saka for lukka dører er ei prosessuell avgjerd som etter kommunelova § 59, nr. 1 andre punktum, kan vera gjenstand for lovlighetskontroll på sjølvstendig grunnlag, skriv Fjeld i avgjerda til Askøy kommune.

– Hovudregelen er at møter i folkevalde organ skal gå for opne dører. Unntak frå dette krev særskild heimel, vedtak og grunngjeving, legg fylkesmannen til.

Sladda av rådmannen

Rådmann Eystein Venneslan vil auka det politiske handlingsrommet i budsjettarbeidet og føreslår å henta inn 40 millionar på eigedomsskatt på bustad, hytter og næringseigedomar.
Rådmann Eystein Venneslan har sladda vararodførar Bård Espelid og Askøylista sine argument i kravet til fylkesmannen om lovlegheitskontroll.

Rådmann Eystein Vennesland er ikkje samd i fylkesmannen si avgjerd. I saksframstellinga til formannskapet i morgon har Venneslan like godt sladda klagarane sin argumentasjon for kvifor dei kravde lovlegheitskontroll.

Også fylkesmannen si gjengjeving av klagarane sin argumentasjon er sladda i rådmannen si saksframstelling til formannskapet.

Offentleg forhandlingsposisjon
Venneslan heimlar sladdane i Offentlegheitslova §23. Ein paragraf som tilseier at det i einskilde tilfelle kan vera grunnlag for å halda informasjon unna offentlegheit av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon.

Lovpålagt taushetsplikt
Formannskapet i Askøy heimla si opphavelege avgjerd om å lukka dørene i Kommunelova § 31, nr. 2, at det her kunne koma fram informasjon som var underlagt lovpålagt taushetsplikt.

Prinsippiell sak
I møtet i morgon skal formannskapet i Askøy også behandla ei prinsippiell sak om når det er rett å lukka politiske møter.

Her tilrår rådmann Vennesla at Askøy kommune føl lova.

Kritikk mot tidlegare praksis
Det er ikkje berre, berre å lukka dørene til eit offentleg møte for publikum. I praksis er det stort sett berre i saker underlagt lovpålagt taushetsplikt at dei folkevalde har heimel for å vedta å lukka eit offentleg møte.

Unntak frå det alminnelige prinsippet om møteoffentlighet krav særskilt heimel, vedtak og grunngjeving, samstemmer Venneslan med fylkesmannen.

Rådmannen i Askøy kjem dermed med noko som må oppfattast som ein kritikk mot den praksisen kommunen så langt har følgt.

Les: Askøy held fram med hemmelighetskremmeriet

Lovpålagt taushetsplikt
Dei folkevalde kan vedta å lukka eit møte når omsynet til tungtvegande offentlege interesser tilseier det, og det vil koma fram opplysningar i møtet som kunne ha vore unnateke frå offentleg innsyn etter offentleglova dersom dei hadde stått i eit dokument, skriv Venneslan.

Når ei sak omhandlar ein arbeidstakar sine tenestlege tilhøve, tilseier Kommunelova §31, nr. 3 av ein skal lukka møte. Det same kan vera tilfelle når omsynet til personvernet krev det.

Tungtvegande behov for unntak
Omsynet til tungtvegande offentlege interesser er eit trede område der Kommunelova sin paragraf om lukka møte kan nyttast. Føresetnaden er at behovet for unntak frå Offentleglova veg tyngre enn omsynet til offentleg innsyn.

Offentlege interesser som vert påropt som grunnlag for lukking av dørene må sjølvsagt vera saklege, legitime og almenne offentlege interesser, og ikkje omsyn til politiske bekvemmelighet eller ønskje om å verna seg mot kritikk, siterer Venneslan utkastet til ny kommunelov.

Tunnelsyn har ikkje klart å få tak varaordførar Bård Espelid (AL) for ein kommentar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s