Færre gaseller

Sund og Fjell har fleire gaselleverksemder per innbyggjar enn gjennomsnittet i norske kommunar.

gaselleDet er Dagens Næringsliv, saman med DnB og PwC, som gjennomfører den årlege kåringa av norske gaselleverksemder.

I fjor gjekk IKM Cleandrill på Straume heilt til topps i den nasjonale kåringa.

Les: IKM Cleandrill heilt til topps

Kjenneteikn
Dei sokalla gasellene vert kjenneteikna ved at aksjeselskapa har levert godkjende rekneskapar som viser at dei minst har dobla omsetninga over fire år. Første året omsette dei for over ein million kroner, det samla driftsresultatet er positivt, og dei har unngått negativ vekst.

Flest i Sund
Fire verksemder i Sund tilfredstiller næringslivsavisa sine krav til ei gaselleverksemd dette året. Det vil seia at kommunen har 5,7 slike vekstbedrifter for kvar 10.000 innbyggjar.

Fjell føl hakk i hæl. Dei 14 gaselleverksemdene innanfor kommunegrensene inneber 5,6 vekstbedrifter per 10.000 fjellsokningarar.

To gaselleverksemder i Øygarden inneber at kommunen har 4,1 vekstbedrifter per 10.000 øygardsstrilar. Med elleve gaseller har Askøy 3,9 slike vekstverksemder per 10.000 innbyggjarar.

Færre oppfyller krava
Det er i år 31 til saman gaseller i dei fire kommunane, mot 37 i fjor.

Depresjonen i offshoresektoren gjer at færre lokale verksemder oppfyller krava til ei gaselleverksemd dette året enn i fjor. Av kommunane i region Vest er det berre Askøy som kan visa til like mange gaseller som i fjor.

Totalt 255 verksemder i Hordaland oppfyller krava dette året. Det er no 4,9 gaseller per 10.000 hordalendingar, noko under det nasjonale snittet på 5,2.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s