Vekstmaskina i Trollhaugmyra

For andre året på rad har IKM Cleandrill AS i Trollhaugmyra vakse forbi alle andre verksemder i Hordaland.

Vinnarane vert intervjua. Fv. tom Hasler, Harald Huftahmmer og konserndirektør Gunnar Bjørkavåg i NHST Media Group.
Vinnarane vert intervjua. Fv. tom Hasler, Harald Huftahmmer og konserndirektør Gunnar Bjørkavåg i NHST Media Group.

Fjell gjorde det skarpt i Hordalandsfinalen i Dagens Næringsliv si gasellekåring også dette året. Då konserndirektør Gunnar Bjørkavåg i NHST Media Group var ferdig med nedteljinga, var det to verksemder frå kommunen som toppa årets oversikt.

Handtera borevæske
IKM Cleandrill, Straumeverksemda som lever av å gjera det einklare for oljeselskapa å handtera borevæske, kan visa til ein vekst i omsetninga på 1817 prosent siste fire åra, og det haldt i massevis til ein førsteplass.

Les: IKM Cleandrill heilt til topps

IKM Cleandrill er ei norsk verksemd med ei sterk internasjonal orientering. Storparten av marknaden finn vi i Malaysia og Australia, og no vurderer dei å gå inn i Khazakstan.

Kvileår
– 2016 er eit kvileår, hevda dagleg leiar Tom Hasler då han tok mot prisen saman med teknisk sjef Harald Hufthammer, og Bjørkavåg spurte om han rekna med å stilla på kåringa neste år også.

Bergen Prosjektservice
På andreplass i fylkesfinalen kom Bergen Prosjektservice AS, med adresse Straume. Trelastleverandøren kan visa til ein omsetnad på 29 millionar kroner for 2015 og ein vekst på 818 prosent siste fire åra.

Skapar nye arbeidsplassar
– Fjell har vore heilt i tet i Hordaland i alle dei 13 åra vi har drive denne kåringa, men i år har dei falt litt tilbake, beklaga Bjørkavåg.

Les: Færre gaseller

– Når eg er så oppteken av tal, er det fordi gasellene føl sysselsetjinga. Det er i gaselleverksemdene dei nye arbeidsplassane vert skapt, la Bjørkavåg til.

Til finalen?
I fjor klatra IKM Cleandrill heilt til topps i finalen i Dagens Næringsliv si gasellekåring, kan hende kjem dei dit i år også…

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s