Vil læra oljeselskapa å tenkja miljø

IKM Cleandrill AS har fått gjennomslag for miljøteknologien sin hos oljeselskap verda over – fordi teknologien hjelper dei å spara millionar. No håpar dei på ei lovendring.

Dagleg leiar Tom Hasler (th) saman med utstyrssjef Kjetil Lavik. I bakgrunnen skimtar vi litt av pumpa som skal plasserast på havbotnen.
Dagleg leiar Tom Hasler (th) saman med utstyrssjef Kjetil Lavik. I bakgrunnen skimtar vi litt av pumpe-ustyret som skal plasserast på havbotnen.

I går vart IKM Cleandrill AS i Trollhaugmyra på Straume utropt til årets gaselle i Hordaland, med ein vekst i omsetnaden på 1817 prosent dei siste fire åra.

Les: Vekstmaskina i Trollhaugmyra

Gjenbruk av borevæske
IKM Cleandrill er ein av to aktørar på global basis som utviklar teknologi som gjer det mogeleg for oljeselskapa å gjenbruka borevæske i den tidlege borefasen. Ei elektrisk pumpe på havbotnen suger opp brukt borevæske saman med stein frå boreholet, og pumpar den opp til plattformen for behandling og resirkulering.

Spara millionar
Under boring av eit typisk borehol vert det gjerne nytta 14.000 kubikkmeter med borevæske. Med IKM Cleandrill sin gjenvinningsteknologi skal det vera mogeleg å halvera behovet for borevæske, seier dagleg leiar Tom Hasler til Tunnelsyn.no.

Nett kor store kostnadskutt dette kan gje kunden, vil variera frå brønn til brønn. Eitpar millionar kroner kan det fort verta, antydar Hasler.

Håpar på lovendring

- Vi håpar at merksemda kring denne typen utstyr vil føra til ei lovendring for kva som er lov å sleppa ut på havbotnen, seier dagleg leiar Tom Hasler i IKM Cleandrill AS.
– Vi håpar at merksemda kring denne typen utstyr vil føra til ei lovendring for kva som er lov å sleppa ut på havbotnen, seier dagleg leiar Tom Hasler i IKM Cleandrill AS.

Vanlegvis vil dei store slammengdene berre verta etterlatne på havbotnen. Unnataket er mellom anna Barentshavet, Russland og Kaspiahavet. I Kaspiahavet har omsynet til størfisket og kaviarproduksjon har ført til at det er innført eit strengare lovverk enn kva som er tilfelle mellom anna i Norge, seier Hasler.

– Vi håpar at auka merksemd kring den typen utstyr vi leverer vil føra til ei endring i lovverket for kva som er tillata å sleppa ut på havbotnen, seier Hasler.

Miljø som forretningside
Ambisjonsnivået til dei 30 tilsette er det ingenting å utsetja på:

– Forretningsideen vår då vi starta var basert på miljø. Vi vil læra oljeselskapa å utføra standard operasjonar på ein annan og meir miljøvenleg måte. Når vi har fått gjennomslag, er det likevel ikkje på grunn av miljøet, men fordi teknologien vår hjelper dei å spara pengar, konstaterer Hasler.

Dagens løysing fungerer på havdjup ned til 500 meter. No er teknologien under vidareutvikling til 1500 meter, med tanke på oppdrag i Mexico-golfen, fortel Hasler.

AGR ASA
Tilfellet vil at den andre aktøren som leverer konkurrerande teknologi også held til på Straume. Begge selskapa har utgangspunkt i tidlegare AGR ASA.

Neste teknologiske milepæl vert å utvikla ei løysing som kan konkurrera med Enhanced Drilling sitt tilbod om Managed Pressure Drilling, fortel Hasler.

Les: Investerte 65 millionar i forsking og utvikling

Animasjon som salsverktøy
Då dei starta i 2010, før dei gjekk i gang og utvikla den patenterte teknologien, gjekk dei tre gründarane Tom Hasler, Sveinung Olsen og Harald Hufthammer fleire rundar med potensielle kundar mellom anna i BP, Shell og Statoil, for å vera sikre på at dei forstod kundane sine behov.

Til å hjelpa seg med innsalet nytta dei heimelaga animasjonar som viste korleis dei tenkte seg at utstyret skulle fungera. Animasjonane vart modifisert etterkvart som kundeundersøkinga skreid fram.

(teksten held fram under animasjonen)

– Animasjonar er eit veldig viktig salsverktøy i oljebransjen. Om du kan visualisera korleis utstyret skal fungera, er det langt lettare å overbevisa kundane om at utstyret vil fungera, har Hasler konstatert.

Nye marknadar
Gasellestatusen vitnar om at omsetnaden har gått rakt til himmels sidan etableringa i 2010. Siste året omsette dei for 88 millionar kroner, med eit resultat før skatt på 22,2 millionar.

Dei to nylege avtalane med Wintershall og Aker BP på norsk sokkel kjem for seint til å gjera utslag på rekneskapen for 2016.

– Dette året får vi negativ vekst, beklagar Hasler. No er han på leit etter nye marknadar som kan kompensera for den låge aktiviteten i Nordsjøen.

Russland, Aserbajdsjan og dei øvrige landa kring Kaspi-havet peikar seg ut, sjølv om både forretningsvilkåra, økonomien og det politiske regimet er meir usikkert enn i ”trygge” marknadar som Australia og Malaysia.

– Vi vil sakna medgründer og mentor Sveinung Olsen som brått døydde tidlegare i haust, avsluttar Hasler.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s