– Ta kontroll over utviklinga!

Ein attraktiv stad er ein stad der alle er velkomne, og der dei som kjem dit får lyst til å verta verande.

Moderne samfunnsutvikling har mange kryssande intereser og kan til tider minna om ein gordisk knute, antyda professor Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.
Moderne samfunnsutvikling vert prega av mange kryssande interesser, og kan til tider minna om ein gordisk knute, antyda professor Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Oppgjennom tiåra har Ågotnes fått utvikla seg stykkevis og delt, med offshorenæring, bustadar, helsetun og handelssenter i klart atskilte område. Kommunedelplanen for Ågotnes tilseier at bygda skal utviklast til ein ”attraktiv stad med tydeleg identitet”.

Kva nå det måtte bety, skal dei 18 som er inviterte til å delta i plansmia for Ågotnes freista finna eit felles svar på.

Les: Opposisjonen skal få delta i plansmie om Ågotnes, men kva med innbyggjarane?

Digitalt kartverktøy
Plansmia for Ågotnes føl ein heilt annan modell enn den dei har nytta på Kleppestø. Her er det færre møter, bak lukka dører og med langt færre deltakarar. Til gjengjeld har dei teke i bruk det digitale kartverktøyet MyCity, der kven som helst kan kopla seg opp og registrera idear og prosjekt.

Les: Smir morgondagens Kleppestø

Kryssande interesser
Mange pågåande planarbeid, med kryssande interesser, inneber at der er behov for ei samordna planlegging, sa arealplanleggjar Lena Garnes i Fjell kommune.

– Ta kontroll over utviklinga av Ågotnes. Dette er ein anledning til å engasjera seg i lokaldemokratiet, oppfordra professer Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling som er hyra inn som prosjektleiar for tiltaket som skal enda opp med eit visjonsdokument for Ågotnes eingong i februar.

– Engasjementet for lokalsamfunnet er der. Ikkje skuld det som skjer på ”utviklinga”. Då avskriv du deg sjølv som aktør. Plasser heller deg sjølv i sentrum og spør kva du kan bidra med, oppfordra professoren.

Lyst til å verta verande
Ein attraktiv stad er ein stad der alle er velkomne, og der dei som kjem dit får lyst til å verta verande, gjengav Lønning konklusjonen frå ei tilsvarande plansmie ein stad nord i landet.

Les: Vi er mange som tenkjer likt

Noko å tenkja på for dei som styrer i Fjell? Fjell er ein av dei kommunane i Hordland med største utskiftninga i folkemassen. Med 1601 tilflyttarar og heile 1348 utflytta i 2015, og ei netto innflytting på berre 253 personar, er Fjell i ferd med å stadfesta omdømet som ”Kommune gjennomtrekk” i Hordaland.

Les: Sund dobla folkeveksten

Frå debatt til dialog
Lønning og kollega Olav Eggebø har påteke seg den krevjande oppgåva å freista å få aktørar med kryssande interesser til å skifta modus frå argumentkasting og debatt til lyttande dialog.

Arealkonflikter har det med å trekkja ut i tid, dei fordyrar prosjekta og skapar dårleg PR. Folk i moderne samfunn er ikkje vane med å gripa fatt i konfliktane våre lenger, vi har ein tendens til å feia dei under teppet, eller overlata dei til advokatane, sa Eggebø.

– Dialog er eit verktøy som gjerne vert nytta i fastlåste situasjonar, som i krig, i rettsvesenet og i arbeidskonflikter. Dialogen skal løysa problem som skuldast at kommunikasjonen har gått i stå, la Eggebø til.

No vert det opp til deltakarane i plansmia å setja seg sjølv i sentrum, spørja kva dei kan bidra med og sjå om dei gjennom dialogen kan skapa omrisset av ein stad der folk har lyst til å verta verande.

Dette er dei som er med i plansmia:
Politikarar:
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A), varaordførar Tom Georg Indrevik (H), leiar for komite for plan og utvikling Henning Ekerhovd (A), Hege Misje (SL), Ingunn Stenehjem (FrP) og Kaja E. Bertheussen (UKS),

Næringsliv/utbyggjarar:
Kjell Rune Garlid (Sotra Trelast), Ronny Haufe (CCB), Tor G. Støre (???), Thor Vidar Nilsen (Rema 1000),

Organisasjonar:
John Egil Sørensen (Idrettsalliansen), Mona Vindenes (velforening), Rolf Henriksen (Fjell kystlag), Kenneth Bruvik (Sotra og Øygarden jeger og fisker forbund), Terje Strandtun (Landbruksnemnda),

Torbjørn Aaretun (Hordaland fylkeskommune)

Plansjef Berit Rystad, (Fjell kommune), Lena Takvam (Fjell kommune)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s