Infrastruktur for førarlause bilar

Eit informasjonsnettverk for førarlause bilar kan verta neste steg i avtalen Decca Technology AS har med Fjell, Sund og Øygarden kommunar om utvikling av smarte veilys.

Eit smart nettverk av LED-baserte veglys vil kunna fjernstyrast, også frå ein mobiltelefon, demonstrerer dagleg leiar Johannes Wergeland i Decca Technology AS.
Eit smart nettverk av LED-baserte veglys vil kunna fjernstyrast, også frå ein mobiltelefon, demonstrerer dagleg leiar Johannes Wergeland i Decca Technology AS.

Forretningsideen er einkel: Mange vegar har lite ferdsel, særleg på natta. Veglys treng ikkje stå på og bruka straum når det ikkje er ferdsel på vegen, fortel dagleg leiar Johannes Wergeland i Decca Technology AS på Straume.

Sist veke presenterte Wergeland konseptet under IT-næringa sitt SmartCity-arrangement i Bergen.

Mønstergjenkjenning
Trådlaus kommunikasjon og sensorar som registrerer mellom anna lys, bevegelse og vertilhøve er nøkkelkomponentar i Decca Technology sitt smarte veglyskonsept. I kvar LED-lampe sit det ei lita styringseining som skal sørgja for at veglysa automatisk vert sett på når det kjem bilar, syklistar eller gåande.

Noko av utfordringa er at styringseininga må kunna skjelna mellom ulike typar trafikkantar. Avansert bruk av mønstergjenkjenning gjer at til døems kattar og greiner som duvar i vinden ikkje skal føra til tenning av veglysa.

OFU-prosjekt
Prosjektet er blitt ein realitet takka vera eit innovasjonssamarbeid mellom Decca Technology og dei tre kommunane.

Innovasjon Norge støttar slike sokalla OFU-prosjekt med nærare 300 millionar kroner årleg. Vilkåret for støtte er at sluttresultatet løyser ei oppgåve for kundane, og at produktet har eit betydeleg marknadspotensiale utover denne eine kunden.

-Korleis kom de posisjon til å hala i land ein slik OFU-avtale?

– Dette er noko heilt nytt for Decca. Tanken dukka opp då eg bygde mitt eige smarthus heime på Kolltveit. Decca er ikkje nokon klassisk startup. Vi har ein track-record og tilgang på ressursane i Revit Gruppen AS, mellom anna når det gjeld mekanisk design. Vi har nok hatt ein einklare veg enn ei typisk nyetablert gründerverksemd, seier Wergeland.

Patentrettar
Kor mykje sluttrekninga på det smarte veglysprosjektet vil enda på, ønskjer ikkje Wergeland å seia så mykje om, bortsett frå at kostnadane vil verta delt på tre; ein tredel frå Innovasjon Norge, ein tredel frå Decca og den siste tredelen skal delast på dei tre kommunane.

Decca Technology vil sitja att med rettane til ein utprøvd og patentert teknologi som dei kan masseprodusera og selja til andre vegeigarar.

Varsla naudetatane?
I eit seinare trinn av utviklingsprosjektet skal det etablerast eit robust informasjonsnettverk som gjer det einkelt å overvåka, varsla og regulera veglys for fleire strekningar frå eitt felles kontrollrom. Avhengig av val av sensorar, kan nettverket gje tilgang til sanntidsinformasjon også om trafikkale tilhøve som til dømes vertilhøve, kødanning, ulukker, luftkvalitet og ledige ladestasjonar, fortel Wergeland.

For å få til ei funksjonell og brukarvenleg løysing samarbeidar Decca mellom anna med naudetatane og med Statens vegvesen sin vegtrafikksentral. Dei er også med i ITS-Norge (Intelligente Transportsystemer).

Sjølvkøyrande bilar
Nye bilar inneheld teknologi som gjer at dei i stadig større grad «snakkar» med kvarandre. Om 5 – 10 år kan det tenkjast at bilistar som er på veg inn på ei vegstrekkje automatisk får tilsendt kritisk vegtrafikkinformasjon på displayet i bilen.

Sidan Decca Technology først byrja arbeida på ideen om smarte veglys, har førarlause bilar byrja gjera sitt inntog. Kanhende vil einskilde bilar ikkj berre motta, men også vera i stand til å reagera på trafikkinformasjonen i nettverket, til dømes ved å slå av på farten, seier Wergeland.

Sjølv om det kan hende ikkje vert så mange sjølvkøyrande bilar å sjå på vegane på Sotra og Øygarden i desse åra, vil vi få mange hybridløysingar som kan nyttiggjera seg slik trafikkinformasjon, spår Wergeland.

Innsparingspoensiale
Ved å gjera det mogeleg å skru av veglysa når det ikkje er ferdsel på vegen, kan vegeigar spara store sumar. Om 1000-visa av lamper, kvar på 250 watt, får stå på heile natta, kan straumrekninga verta betydeleg.

Innsparinga på straumrekninga er ein ting. Med dei norske straumprisane trur Wergeland at auka effektivitet på vedlikehaldet som følgje av at systemet sjølv varslar om feil, kan føra til vel så store innsparingar.

– Vi reknar med at dei samla driftskostnadane vil kunna reduserast med 85 prosent, samanlikna med dagens veglys, seier Wergeland.

Kommunane avgjer
I følgje avtalen med dei tre kommunane, skal systemet testast ut på 150 – 250 lampar, og vera montert og i drift i løpet av 2018. Kva strekkjer som vil vera først ut, er det kommunane som avgjer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s