Hyllar havet på nye pengesedlar

Havet og livet på kysten er gjennomgangsmotivet på den nye serien med norske pengeseddlar.

Utskiftinga av pengeseddlane skjer for å koma forfalskarane i forkjøpet.
Vi skal vera trygg på at norske pengeseddlar er ekte. Utskiftinga skjer for å koma forfalskarane i forkjøpet. Foto: Norges Bank

Nordmenn skal vera trygge på at dei norske pengesedlane er ekte, og at dei faktisk er verd den pålydende verdien. Det er bakgrunnen for at Norges Bank planlegg å skifta ut heile serien med norske pengesedlar dei komande åra

Ingen personar
Ingen kongelege, kjendisar eller andre personar, verken nolevande eller døde, får lov til å prega dei nye norske pengesedlane. Det gjer derimot havet, i all si velde.

Bakgrunnen for valet av motiv er sjølvsagt, sett med vestnorske auge. Omsider ser det ut til at også dei i Oslo har fatta poenget: Norge er ein stor kystnasjon, og har Europas lengste kystlinje. Vi forvaltar havområde som er sju gongar så store som landarealet.

Havet gjev
Den lange og kronglete kystlinja har gjeve oss identitet, samstundes som utnyttinga av ressursane i havet og bruken av sjøen som transportåre har vore viktig for den norske samfunnsutviklinga.

Torsken prydar dei nye 200-lappane, redningsskøyta på 500-seddelen skal minna oss om fårene forbunde ved det å hausta av havet sine rikdomar og at hjelpa er nær når den trengt mest.

Innovasjon

Detalj frå den nye 100-kronerseddelen.
Detalj frå den nye 100-kronerseddelen. Foto: Norges Bank.

Utvær fyr i Solund er det vestlegast i Norge. Snart kan du beundra fyret på 50-lappen. På 100-lappen skal Gokstadskipet, sett mot eit relieff av Ulstein sitt revolusjonerande X-bow-design, minna oss om nordmenn sin evne og vilje til å finna stadig nye og betre måtar å ta oss fram på.

Bølgja på den nye 1000-seddelen skal gje oss ei påminning om havet som motkraft, men også som ei drivkraft som fører oss framover.

Når kjem dei?
Dei nye 100- og 200 sedlane skal du kunna få i handa 30. mai neste år. Ein gong i slutten av 2018 vil dei første nye 50- og 500 sedlane koma i sirkulasjon. På haustparten 2019 ventar Norges Bank at også 1000-lappane vil vera klare.

Det er Metric Design og Terje Tønnessen som har utforma forslaget til design på dei nye pengeseddlane.

Les: 2000 år med globalisering

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s