Negativ folkevekst i Sund

I sommar feira sundsokningane at innbyggjartalet hadde passert 7.000. Etter auka fråflytting i tredje kvartal, krympar innbyggjartalet igjen mot 7.000.

Offshorekrisa gjer at stadig fleire pakkar flyttelasset og forlet kystkommunane i Hordaland.
Offshorekrisa gjer at stadig fleire pakkar flyttelasset og forlet kystkommunane i Hordaland.

Offshorekrisa gjer kystkommunane mindre attraktive. Sund var ein av elleve kommunar i Hordaland med negativ folkevekst i tredje kvartal, ifølgje dei siste tala frå Statistisk Sentralbyrå.

Auka fråflytting
I haustmånadane var det 43 fleire som tok med seg flyttelasset og forlot Sund enn som flytta til kommunen, viser dei offisielle statistikkane. Når vi tek fødselsoverskotet inn i reknestykket, opplevde kommunen ein negativ folkevekst på 28 personar i kvartalet.

Beskjeden folkevekst
Ser vi dei ni første månadane sett under eitt, kan Sund framleis visa til ein auke i folketalet, på 29 personar. 7.004 sundsonkingar ved utgangen av 3, kvartal, tilsvarar ein folkevekst på 0,42 prosent.

Fjell, Øygarden og Askøy har alle hatt ein beskjeden vekst i folketalet dette kvartalet. Ser vi året under eitt, har folkevesten vore sterkast i Øygarden 68 nye innbyggjarar tilsvarar ein folkeauke på 1,4 prosent. 355 nye asketappar tilsvarar ein folkevekst på 1,25 prosent, medan 236 nye fjellsokningar inneber ein folkevekst på 0,95 prosent.

Fem av Hordalandskommunane har hatt ein nedgang i folketalet dette året.

Folketal 1.7.16    Fødselsoverskot    Nettoinnflytting  Folkevekst    31.9.2016
7.032                           15                                   -43                   -28                7.004

Les: Sund har passert 7.000 og Fjell 25.000 innbyggjarar

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s