Stadig nye moment i Øygarden

Tomta til symjehallen i Hjeltefjorden Arena bør sprengjast ut samstundes som entrepenøren lagar plass for første byggjesteg.

Det tok det ekstraordinære kommunestyremøtet i Øygarden under eit kvarter å verta samde om at tomtetilhøva tilseier at det kan vera gode argument for å la entrepenør Atle Ulveseth AS gjera unna heile sprengingsjobben i ei vending.

Les: Offentlege prestisjeprosjekt i kø for Atle Ulveseth

Alternativet hadde vore å sprengja ut tomta til kvart av dei tre byggjestega for seg.

Ventar med finansieringa
Sjølve sprengingsarbeidet i samband med symjehallen er kalkulert til seks millionar kroner, og det fann kommunestyret rom for på posten unytta lånemidlar for 2016.

Finansieringa av sjølve symjehallen, som er kostnadsrekna til 97 millionar kroner, ventar kommunestyret med til den ordinære budsjettbehandlinga i desember.

– Her dukkar det opp nye moment heile tida. Dette vert mykje å investera i løpet av kort tid, meinte Andreas Kallekleiv (H).

Trongt om plassen
Arbeidet med tomta til fleirbrukshallen som utgjer første byggjesteget, er godt i gang. Om kommunen ventar med tomta til byggjesteg to til fleirbrukshallen har byrja reisa seg, ville det ha blitt vanskeleg å få plass til bygget innanfor grensene til den gjeldande reguleringsplanen, orienterte ordførar Børge Haugetun.

Om alt sprengningsarbeidet kan gjerast i ei vending, vil kommunen også spara pengar, avdi enterpenøren slepp flytta maskinene fram og til bake, vart det argumentert.

– Gevinsten ved å gjera det på denne måten vil vera stor, hevda Espen Harkestad (A).

Oppgraderer ikkje gammalt anlegg
Vedtaket inneber at det snart 40 år gamle symjeanlegget i tilknyting til Kulturhuset på Rong høgst sannsynleg ikkje vil verta oppgradert. Ifølgje ein rapport frå AsplanViak vil ei oppgradering til dagens krav berre verta to millionar kroner rimelegare enn eit nytt bygg.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s