FjellVar tenkjer forretningsutvikling

Forretningsutviklarane i FjellVar AS er på stadig utkikk etter kva ressursar som finst i avfallsberget til fjellsokningane og som dei kan henta inntekter frå.

500 tonn hageavfall kan verta kompostert til god matjord. I dag må FjellVar AS betala for å få det transportert vekk og brent, seier renovasjonsansvarleg Espen Elstad.
500 tonn hageavfall kan verta kompostert og seld som god matjord. I dag må FjellVar AS betala for å få det transportert vekk og brent, seier renovasjonsansvarleg Espen Elstad.

Innføring av forbodet mot å brenna hageavfall på Straume, Kolltveit og i eindel andre tettbygde område i Fjell har fått mengda av hageavfall innlevert til gjenbruksstasjonen på Straume til å eksplodera siste åra.

Les: No vil han ha avfallet vårt

Hageavfall
Gjenbruksstasjonen på Straume tek i år mot 500 tonn hageavfall. Berre siste året har mengda hageavfall auka med 25 prosent, seier renovasjonsansvarleg Espen Elstad i FjellVar AS til Tunnelsyn.no

– Mengda hageavfall er etterkvart blitt så stor at det er interessant å vurdera korvidt vi kan kompostera det og selja det som hagejord, seier Elstad.

I dag må FjellVar betala for å få hageavfallet transportert vekk og brent.

Var avfall – vert ressurs
– Ei komposteringsløysing kan særleg vera interessant i samband med behandling av slammet frå det nye reinseanlegget i Storanipa på Våge, seier Elstad.

Produksjon av eit kommersielt salgbart produkt kan likevel ikkje skje på Straume, av omsyn til naboane. Etablering av eit komposteringsanlegg må difor truleg utsetjast til det er funnen ein ny tomt til gjenbruksstasjonen.

Hageavfall er ikkje einaste type avfall Elstad oppfattar som ein ressurs.

Flinke på kjeldesortering
– Det viktigaste er å halda mengda restavfall nede. Restavfallet må vi betala for å verta kvitt, seier Elstad.

– Fjellsokningane er flinke på kjeldesortering. Når vi får plast, metall, glas og papp og papir i store mengder, ferdig sortert, vert dette ein ressurs vi kan selja vidare, fortel Elstad.

Stabilt gebyrnivå
Vel fem prosent av FjellVar sine inntekter i fjor, tilsvarande kring seks millionar kroner, skreiv seg frå renovasjon, utanom dei faste gebyrinnbetalingane frå fjellsokningane. Kor stor andel av dette som kjem direkte frå sal av avfall, har Tunnelsyn ikkje klart å få svar på.

– Inntektene har medverka til at FjellVar har kunna halda renovasjonsgebyret tilnærma uendra siste fem åra, seier Elstad.

Les: Investerer 150 millionar i Knarrevik

Kundekortet hjalp
Sommaren i fjor innførte FjellVar AS kundekort for alle som ville levera avfall på gjenbruksstasjonen på Straume. Tanken var å hindra bergensarar å dra over brua for å levera avfallet sitt gratis.

– Kundekortet har verka, konstaterer dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVar AS.

Frå å ha ein årleg auke i talet på kundar på gjenbruksstasjonen på oppimot 15 prosent, er auken så langt i år på beskjedne 0,03 prosent, utdjupar renovasjonsansvarleg Espen Elstad ovanfor Tunnelsyn.no.

450 kilo
Avfallsmengda derimot, held fram med å auka. Årleg leverer kvar fjellsokning no kring 450 kilo avfall til den kommunale renovasjonsverksemda.

Av det som vert levert på gjenbruksstasjonen, er det særleg hageavfall og farleg avfall Elstad registrerer at fjellsokningane er blitt mykje ivrigare etter å kvitta seg med dei siste åra.

Fortel kven vi er
Slik røpar avfallet også eindel om fjellsokingane og samfunnsutviklinga her vest:

– Aukinga av mengda av farleg avfall som trykkimpregnert materiale, avslører at det er mange som bygde seg terrassar på 1980-talet som no skifter dekke, seier Elstad.

Forbodet mot brenning av hageavfall i eigen hage er eit politisk vedtak. Stadig fleire vert plaga av luftvegesjukdomar. Når vi bur tettare, må vi ta større omsyn til kvarandre, på stadig fleire område, seier Elstad.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s