700 må avstå grunn til Sotrasambandet

Meir enn 700 grunneigarar i Fjell og Bergen må avstå grunn for å realisera planane om det nye Sotrasambandet. No startar Statens vegvesen prosessen med grunnerverv.

Sotrasambandet
Så og seie heile strekkja frå det nye krysset i Kolltveit og til Storavatnet i Bergen er tett bebygd med bustadar og næringseigedomar.

Det er Fjell kommune som på heimesidene sine oppgjev det oppsiktsvekkjande høge talet på grunneigarar som vert berørt av Sotrastrilen sin nye motorveg til Bergen.

Tett utbygd
Så og seia heile strekkja frå det nye krysset på Kolltveit og til Storavatnet i Bergen er i dag tett utbygd med bustadar og næringslokale.

Bustadar har førsteprioritet
Resultatet er at kring 27 bustadar må rivast for å få plass til den nye vegen. Desse grunneigarane vil få førsteprioritet når Statens vegvesen no går i gang med arbeidet om å erverva grunn til det nye sambandet. Statens vegvesen har tidlegare lova at desse vil få bustadane sine innløyste i henhald til takst.

Les: Sotrasambandet – 29 bustadar må vekk

Krevjande prosess
– Vi har stor forståing for at mange av dykk alt har måtta leva i ”uvisse” om kva som vil skje med eigedomane dykkar i fleire år, og vi veit at prosessen som ligg føre oss med å få på plass naudsynte grunnavtalar nok også vil kunne verta oppfatta som krevjande, skriv Statens vegvesen i orienteringsbrevet som i desse dagar går ut til husstandane.

Overser fritidsbustadar
Eindel av dei berørte grunneigarane bur permanent i bustadar som Statens vegvesen kategoriserer som fritidseigedomar. Kor mange det er snakk om, er usikkert. Både i Arefjord og på Bildøy finn vi eigedomar som havnar i denne kategorien.

Desse vil koma nederst på lista over partar vegvesenet no vil forhandla med, melder Statens vegvsen.

Hagar og utmark
Fleirtalet av dei 700 berørte vil verta møtte med krav om å innløysa delar av hagar, innmark eller utmark, ifølgje Statens vegvesen.

Eindel næringsdrivande vil også måtta flytta frå eigedomane sine.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s