Eigedomsmeklar lova ettermiddagssol – fekk bot

DNB Eiendom lova at leiligheten på Sørenga i Oslo hadde ettermiddagssol. No må dei ut med erstatning til kjøparen på nær 10 prosent av kjøpesummen.

Soltilhøva er ikkje like gode i alle leilighetane i denne monsterblokka på Sørenga i Oslo.
Soltilhøva er ikkje like gode i alle leilighetane i denne monsterblokka på Sørenga i Oslo. Illustrasjon: Sørenga Utvikling.

– Denne leiligheten har ettermiddagssol, truleg frå kring 16.30 til kring 19 – 19.30, skreiv meklaren i ein epost til ein potensiell kjøpar av ein treroms nybygd leilighet på Sørenga i Oslo, skriv DN.no.

Kjøparen trudde på svaret, og betalte 3,6 millionar for leiligheten i monsterblokka i 2013.

Les: Idyll på randa av Sotrasambandet?

Vel innflytta oppdaga kjøparen at opplysninga om soltilhøva i den aktuelle delen av blokka ikkje stemte. Berre klokka åtte på kvelden er det eit streif av sol på terrassen, ifølgje dommen.

Kjøpar ville først oppheva kjøpet, noko DNB Eiendom ikkje ville gå med på.

Etter tre års kamp, har retten no tildelt kjøpar ei erstatning på 337.000 kroner for utgifter til advokat, tap av gevinst i eigedomsmarknaden og utgifter til meklar og renter.

Einskilde eigedomsmeklarar ser til tider helst solskin der dei burde ha sett skugge…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s