Gjestekommentar: Trafikksikringsplanen – vi på vestsida og de andre

22 millionar og 50 tusen er sett av til trafikksikringstiltak innom Kolltveittunnelen (og då reknar eg med Bjorøy). 600 tusen er sett av til tiltak vest om tunnelen.

Av Hege Misje – Sotra Lista

På papiret ser fordelinga av trafikksikringsmidlane mellom bygdene på vestsida av Kolltveittunnelsen og dei på innsida veldig stygg ut, hevdar Hege Misje (Sotra Lista) i denne kommentaren.
På papiret ser fordelinga av trafikksikringsmidlane mellom bygdene på vestsida av Kolltveittunnelsen og dei på innsida veldig stygg ut, hevdar Hege Misje (Sotra Lista) i denne kommentaren.

(Innlegget vart først framført muntleg då kommunestyret i Fjell diskuterte Trafikksikringplanen for 2017 – 2020 i dag.)

Ordførar, kommunestyre

Eg vi retta ei takk til administrasjonsgruppa for ein god generell del av planen. Det er ein plan som set fokus på dei mjuke trafikantane, opplæring og haldningsskapande arbeid. Den er også krydra med eit lite miljøperspektiv, som eg veit fleire med meg set pris på. Det er også, som sant er, nemd i innleiinga at det er eit stort område, med alt for lite midlar.

Les: 0-visjon for trafikksikring

Sjølv om Sotra Lista var med på å stemma ja til trafikksikringsplanen i Komite for drift og forvaltning, betyr ikkje det at vi er nøgde med planen slik den ligg føre no.

Den innleiande høyringsrunden viser at 37 av 49 innspel til planen kjem frå organisasjonar, FAU og velforeningar vest om Kolltveittunnelen.

Les: Kom med innspel til trafikksikringsplanen

Etter offentleg ettersyn kjem 6 av ti innspel frå bygder vest om Kolltveittunnelen.

Så kan ein jo spørja seg kva dette betyr?
Er det slik at bygdene vest om tunnelen har mindre sikre vegar enn dei innom? Ja, det kan jo henda…
Er det slik at bygdene vest om tunnelen har meir ivrige innleggsskrivarar? Nei, det trur eg ikkje…
Er det slik at bygdene vest om tunnelen igjen og igjen føler at dei må markera seg for å få noko? Ja, det kan sjå slik ut.
Er det slik at bygdene vest om tunnelen skrik høgare enn andre? Nei, det kan vel ikkje vera sant?
Er det slik at bygdene vest om tunnelen er redd for å ikkje få midlar om dei ikkje skrik høgt nok? Ja, det trur eg dei absolutt har forstått.

22 millionar og 50 tusen er sett av til midlar innom tunnelen (og då reknar eg med Bjorøy, ja). 600 tusen er sett av til tiltak vest om tunnelen. (Så reknar eg med at vi også får litt veglys for dei resterande 950 tusen).

Det er ikkje slik at vi ikkje ser nytten av at Bildøyvegen vert opprusta. Det gjer vi.

Men på papiret ser dette veldig stygt ut.
Det gjer det i praksis også.

Les: Vil senda bilar frå 700 bustadar gjennom Bildøyvegen

Det er derfor vi skrik, vi vest om tunnelen. Det ser ikkje ut som vi vert høyrde.

Takk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s